Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 30-12-2024
Kundeservice & EPJ medarbeidar
Har du funne din lidenskap i å løyse datafrustrasjonar, og vil ha eit springbrett inn i Vestlandets største IKT-selskap, så ta kontakt med oss! Vi er eit kundesenter med ein utfordrande og variert base, og tilbyr gylne moglegheiter for konsulentar som vil auke spisskompetansen sin innan 1.linjesupport. Som medarbeidar ved Kundesenteret gir du 1.linje-brukarstøtte til alle PC-brukarar i Helse Vest, i eit miljø drive av resultat og suksessgrad. Førespurnadane kjem inn via telefon, web og e-post. Kundesenteret er ein høgkompetent servicedesk som løyser to av tre oppdrag ved første kontakt, og nyttar ITILs Incident Management Process.
Vi er over 50 dyktige medarbeidarar som jobbar saman for å løyse førespurnader på ein rask og effektiv måte døgnet rundt, 365 dagar i året. Du vil få moglegheita til å gjere kvardagen enklare for våre brukarar som driv med pasientbehandling, slik at dei kan utføre sine primæroppgåver.
Arbeidsstad er i flotte nye lokale i Kronstad X i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- 1.linjesupport, betening av førespurnader per telefon, web og e-post
- Feilsøking på utstyr og programvare via fjernstyring
- Dokumentere/logge alle førespurnader i vårt saksbehandlingssystem (Assyst)
Kvalifikasjonar
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Det er ein føremon med ein eller flere av kvalifikasjonene under:
- Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt
- God kjennskap til Windows 10/11, og generell feilsøking
- IKT-fagleg utdanning (kan erstattast av erfaring)
- ITIL-kunnskap
- Dips-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Du har positiv tilnærming til ulike problemstillingar, og likar å finne løysingar
- Interesse for brukarstøtte
- Genuin interesse for å sette deg inn i kundens problemstilling
- Gode kommunikasjonsevner munnleg/skriftlig
- Du kan tileigne deg ny kunnskap for å kunne yte best mogleg service til kundane våre
- Du er påliteleg
Vi tilbyr
- Eit høgt fokus på personleg og fagleg utvikling
- Fellesskap med motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
- Eit godt sosialt miljø, med blant anna eigen kaffiklubb og e-sportlag
- Gode arbeidsverktøy
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsvilkår
Kontaktinformasjon
Thomas Yrvin, Seksjonsleiar, +47 99558021
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 4890170374
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 30.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kundesenter, Helse Vest IKT orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no |
Webside | https://www.helse-vest-ikt.no/ |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | BERGEN (Adresse: Bjørnsons gate 29 Postnr: 5052) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 7 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-12-2024 |