Kulturkonsulent – Giske kommune

Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling

(17 timer siden)

  • VALDERØYA
  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 5. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Kulturkonsulent

Giske kommune søkjer kulturkonsulent i 50 % stilling frå 01.01.2025. Den som blir tilsett vil ha ansvar for kulturområdet og tilhøyrande sakshandsaming.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.

Arbeidsoppgåver

  • UKM og annan relevant kulturaktivitet
  • Friskus aktivitetskalender
  • Den kulturelle skulesekken (DKS)
  • Tilskotsordning kulturmidlar
  • Kontakt- og samordningsansvar med frivillige kulturorganisasjonar
  • Andre oppgåver innan kulturområdet

Kvalifikasjonar

  • Minimum vidaregåande skule, relevant praksis og kjennskap til kulturområdet
  • Fordel med god kompetanse på IT og digitale system
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Må ha førarkort og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

  • God relasjonskompetanse
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til god dialog og samspel, og å vekke engasjement
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Løn på kommunale vilkår
  • Gode pensjons og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Hilde Kristin Røsvik, stabsleiar eining Kultur, service og næring, +47 95053503

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4885881656
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Giske kommune orgnr: 983836836
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Webside http://www.giske.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e59f7609-1fbd-4ca4-af1f-9007949df7ce
IMPORTAPI