Kulturformidlar lokalhistorie – Aukra kommune Kultur

Education Grunnskole

(2 dager siden)

  • AUKRA
  •  Lagt til dato: 11. mars 2025
  •  Expire date: 31. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 11-03-2025
Deadline: 31-03-2025

Kulturformidlar lokalhistorie

Aukra kommune søkjer kulturformidlar med ansvarsområde lokalhistorie, 60% fast stilling

Har du eit stort engasjement for å utforske, ta vare på og formidle Aukra si lokalhistorie? Då kan dette vere den rette stillinga for deg. Vi søkjer ein kunnskapsrik medarbeidar som har lidenskap for kulturarv og ønskjer å bidra til bevaring og formidling av vår lokale historie.

Arbeidsoppgåver

· Arbeide for å nå målsettingane i kommunen sin kulturmiljøplan

· Samle inn, forvalte, arkivere og dokumentere kulturhistoriske gjenstandar og arkivmateriale

· Utvikle og gjennomføre formidlingsprosjekt, inkludert utstillingar og arrangement

· Samarbeide med andre tenester, organisasjonar og innbyggarar for å fremme lokalhistoria

· Sekretær for kommunen si sogenemnd

· Noko arbeid knytt til administrative oppgåver på kulturavdelinga

Kvalifikasjonar

· Utdanning innan kulturhistorie eller relevant arbeidserfaring

· Erfaring med formidling av lokalhistorie er ein fordel

· Du må vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

· Vere fleksibel og ha evne til å løyse arbeidsoppgåvene på ein effektiv måte, skape forankring og begeistring hos samarbeidspartar

· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

· Spennande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø

· Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

· Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer

· Kreativt og godt arbeidsmiljø

· Fleksitidsavtale

· Løn etter tariff

· God pensjonsordning

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.

Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad» 

Søknadsfrist: 31. mars 2025

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Kultur orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid.
Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted AUKRA (Adresse: Nyjordvegen 12 Postnr: 6480)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/31ba4721-0989-489d-89bb-38cd85c308d0
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31