Kriminalteknisk åstedskoordinator – Politioverbetjent – Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid
Security and readiness Politi fengsel og toll(21 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Kriminalteknisk åstedskoordinator – Politioverbetjent
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for kriminalteknikk, er det for tida ledig fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287)med funksjon som åstadskoordinator. Stillinga er stadsplassert i Bergen.
Avsnittet forvaltar fagansvaret for kriminalteknikk i Vest politidistrikt. Avsnittet har 16 tilsetje i Bergen og Førde. Frå hausten 2024 har avsnittet også fått ei fast hospitantordning. Avsnittet er framoverlent og er prega av ein fagleg høg standard med fokus på utvikling. Tilsetje deltek i ulike prosjekt som fremjar innovasjon og utvikling innan det kriminaltekniske fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt.
Det må påreknast noko reiseverksemd i distriktet då avsnittet har distriktsovergripande ansvar for kriminalteknikk. Avsnittet har beredskapsvakt utanom kontortid med åstadskoordinator og åstadsgranskar.
Ein tek atterhald om at det kan skje endring med tanke på omstilling.
Arbeidsoppgåver
- Undersøkje og dokumentere åstader, personar og spor
- Sikre materiale og gjennomføre innleiande og følgjande opp undersøkingar av sikra materiale
- Bistå etterforskarar/etterforskingsleiinga i vurderinga av behov for vidare sakkunnige undersøkingar
- Utarbeide nødvendig kriminalteknisk dokumentasjon for å få klargjort saka best mogleg
- Sørgje for at sporsikring og dokumentasjon blir vareteken ved sakkunnige undersøkingar
- Organisere og lede den kriminaltekniske innsatsen i pågående saker, og være delleder i E-KO
- Være faglig veileder intern og eksternt, og bistå med forvaltning av fagansvar
- Rettsoppmøter
- HMS for andre kriminalteknikarar på åstadar og i saker
- Beredskapsvakter må påreknast
- Andre oppgaver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig
- Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan fagfeltet kriminalteknikk i minimum 5 år.
- Gjennomført eller påbegynt studier på høgre nivå innen kriminalteknikk ved PHS.
- Brei erfaring innan kriminaltekniske gjeremål
- Brei politifagleg erfaring, helst også innan etterforskingsleiing
- Kunnskap om HMS
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- God munnleg og skriftleg framføring
- Beherske både norsk og engelsk skriftleg og munnleg
- Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Den som ansettes må kunne sikkerhetsklareres for HEMMELEG ved behov
Ønskeleg
- Påbegynt eller gjennomført koordinator-studiet ved PHS
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø
- Evne til god kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
- Nøyaktighet og kvalitetsbevist
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politioverbetjent med funksjon som åstedskoordinator, (stillingskode 0287) vert fort tida lønna frå kr 745.000 brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Bedrifthelseteneste
Generelt
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saksnr.: 24/285416
Kontaktinformasjon
Kjell Erik Bjørvik, Avsnittsleiar, 94015095
Spørsmål om elektronisk søknad / CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 6
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4871212387
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid orgnr: 986440178 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |