Kreftgenomikk søker Seksjonsleiar ved Blodgenomikk – Laboratorieklinikken, Helse Bergen
Health and social care Leder innenfor helsetjenester(7 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-12-2024
Deadline: 11-01-2025
Kreftgenomikk søker Seksjonsleiar ved Blodgenomikk
Kreftgenomikk er ein avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk og består to seksjonar; Blodgenomikk og Tumorgenomikk. Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom, DNA og RNA nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden.
Avdelinga er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken som rapporterer direkte til klinikkdirektør. Kreftgenomikk samarbeider med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).
Helse Bergen HF er eit infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD) nivå 1 sjukehus. Kreftgenomikk har ei sentral rolle i utvikling og innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin, samt arbeide i feltet mellom forsking og implementering av forsking i klinikken ved mellom anna å legge til rette infrastruktur og studiespesifikke analysar i kliniske studiar. Arbeidet går føre seg i tett samarbeid med andre einingar i Helse Bergen, og mellom sjukehus regionalt og nasjonalt.
I denne stillinga vil leiaren leie Blodgenomikk seksjonen. Blodgenomikk seksjonen utfører genetisk diagnostikk av maligne blodsjukdommar og andre hematologiske sjukdommar. Metodar som nyttast er nukleinsyrerens og dyrking av celler, G-banding, FISH, real-time PCR, ddPCR, smeltepunkts PCR, LAMP, Sanger sekvensering, fragmentanalysar, neste generasjonssekvensering.
Arbeidsoppgåver
- Driftsansvar
- Personalansvar
- Kvalitetsarbeid ihht akkrediteringsstandarden ISO 15189
- Handtering av avvik
- Bidra med organisatorisk og fagleg utvikling
- Bidra ved rekruttering og kompetanseutvikling
- Arbeid med innkjøp og anbod
- Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå
- Personal- og leiarerfaring frå laboratorieverksemd i sjukehus er ønskeleg
- Erfaring med utvikling av rutinar og prosedyrar i sjukehus er ønskeleg
- Erfaring med relevante metoder og dataverktøy vil vektleggast
- Må meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
- Bør ha kunnskap og evne til å sette seg inn i relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, resultatorientert, engasjert og strukturert
- Evnar å arbeide strategisk for å møte framtidige krav og utfordringar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere medarbeidarane
- Høg arbeidskapasitet
- Løysingsorientert og endringsvillig
- Gode leiareigenskapar og forståing for rolla som leiar
- Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi Hovland, Seksjonsleiar, 91376839
Arbeidsstad
Jonas lies vei 21
5021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4883032701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Laboratorieklinikken, Helse Bergen orgnr: 974557746 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Leder innenfor helsetjenester |
Sted | BERGEN (Adresse: Jonas lies vei 21 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-01-2025 |