Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 27-09-2024

 

Korttidsseksjonen,Volda Omsorgssenter har ledig fast stilling for sjukepleiar

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide på Volda kommune si aktive og spennande korttidsavdeling. Og som er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Korttidsavdelinga inneheld ordinær korttidsfunksjon samt øyeblikkelig hjelp funksjon både innan somatikk og psykiatri. Autorisert vernepleiar kan og søke.

Vi søker etter deg som synes det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden.

Vi har tett dialog med fysio-/ ergorterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor 

Vi arbeider miljøretta, der du i møte med pasienten er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meningsfylt kvardag for pasientar og pårørande. 

Vi har no ledig fast stilling for sjukepleiar ved Volda Omsorgsenter. Stillinga er organisatorisk knytt til korttidsseksjonen, men skal ha eit tett samarbeid med langtidsavdelinga i samme etg. Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
  • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
  • Omsorg ved livets slutt.
  • Tett pårørande samarbeid.
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
  • Arbeide etter kvalitetsreforma «Leve heile livet»
  • Fokus på aktivitet og sosialisering.

Kvalifikasjonar

  • Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
  • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande  politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA. 

Personlege eigenskapar

  • Du  er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
  • Du er fagleg engasjert, positiv og sett pasienten i sentrum.
  • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. 
  • Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
  • Du har lyst til å bidra til utvikling. 
  • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
  • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle «morgondagens korttidsseksjon».
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt.  

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale 
  • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
  • Engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Gode pensjons og forsikringsordningar.   
  • Vi vil gjere tilsetjingar fortløpande.

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4853488223
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Institusjonsteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VOLDA (Adresse: Barstadmarka 2 Postnr: 6102)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a6c365a3-0913-4d7c-b43a-adaa4b1f4236
IMPORTAPI