Stillingsbeskrivelse

Published 08-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Koordinator- oppfølging av pasienter på TUD

Har du lyst til å jobbe som koordinator i eit spanande prosjekt? Vi har ei ledig 100% prosjektstilling frå dags dato til hausten 2027!

Helse Møre og Romsdal søker etter ein dyktig koordinator til eit regionalt prosjekt i samarbeid med Helse Nord-Trøndelag og St. Olavs hospital. Målet med prosjektet er å styrke forløpet for pasientar underlagt tvungent psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD), og sikre betre tenester på tvers av regionane. Dette er ei unik moglegheit til å påverke utviklinga av helsetilbodet for ei særs viktig pasientgruppe.

Om prosjektet
Som koordinator vil du vere sentral i denne utviklinga. Du skal ha overordna ansvar for å sikre fagleg god behandling av TUD-pasientar, i samarbeid med lokale spesialistar og andre fagpersonar. Du vil jobbe tett med lokal prosjektleiar og merkantil tilsett for å etablere og utvikle eit nytt tilbod for desse pasientane.

Arbeidsoppgåver

  • Halde oversikt over vedtaksansvarlege spesialistar og deira pasientar
  • Koordinere og fordele nye TUD-pasientar til rette vedtaksansvarlege
  • Sikre god oppfølging ved fråvær av vedtaksansvarlege, ved å fordele ansvar til andre spesialistar
  • Jobbe tett med merkantil for å sikre at lovpålagte fristar og oppgåver vert haldne
  • Vere stedfortredar for lokal prosjektleiar i regionale prosjektmøter
  • Handtere førespurnader frå samarbeidspartnarar
  • Gjennomføre pasientarbeid ved behov
  • Bidra til utvikling og framdrift i prosjektet gjennom nært samarbeid med lokal prosjektleiar
  • Utføre andre oppgåver som kan bli tildelt av prosjektleiinga

Kvalifikasjonar

  • Spesialsjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rus
  • Erfaring frå arbeid med pasientgruppa
  • Koordinator- eller leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Førarkort for personbil
  • Gode ferdigheiter innan IKT

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og strukturert
  • Evne til å samarbeide godt i team og på tvers av profesjonar
  • Sjølvstendig og fleksibel
  • Løysingsorientert med gode kommunikasjonsevner
  • Positivt innstilt til endring og nyetableringar
  • Fagleg engasjert med respekt for pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Åse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, +47 70 10 65 33, ase.helene.gjerde@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4868586755
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 02.12.2024
Sluttdato: 30.09.2027
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ambulante tenester psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3ee798ba-c29a-4f59-8328-b4bacaacbf38
IMPORTAPI