Stillingsbeskrivelse

Published 29-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Kontaktperson i HAFS Barnevernteneste- 100% fast stilling

HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, og vi har no ledig to 100 % faste stillingar som kontaktperson. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.

 

No søker vi etter deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og ønsker å hjelpe dei i vanskelege livssituasjonar. Du vil ha kontor i Dale i nye, hyggelege lokale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.

 

Varierte og givande arbeidsoppgåver

Dei tilsette arbeider med alle delar av barnevernfaget: undersøking, tiltaksarbeid og barn under omsorg etter barnevernlova. Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gler deg over «dei små stega» og er god til å skape tillit og relasjonar. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet.

 

Sjanse til å utvikle deg

Du vil få interessante og faglege utfordringar og sjanse til å utvikle deg. Drøftingar internt og eksternt er med på å halde oss orienterte på det som skjer i fagfeltet, noko som er viktig for å gi rett hjelp til riktig tid. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet.

 

Arbeidsoppgåver

· Sakshandsaming etter barnevernslova

– Arbeid med meldingar og undersøkingar

· Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre

· Fosterheimsoppfølging

· Samarbeid med andre instansar

· Arbeid med akutte situasjonar/kriser

· Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak

· Noko kvelds- og helgejobbing

 

Kvalifikasjonar

-Utdanning som barnevernpedagog eller sosionom

Anna relevant høgskuleutdanning saman med erfaring og vidareutdanning innan barnevernsfeltet kan

vurderast

· Rettleiingskompetanse er ønskjeleg

· Førarkort klasse B

· God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

· Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding

· Personleg eigna til stillinga

 

 

Personlege eigenskapar

· Raus, audmjuk og omgjengeleg

· Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

· Kan arbeide sjølvstendig, er fleksibel og har pågangsmot

· Jobbar strukturert

 

Vi tilbyr

· Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet

· 50 000,- alltid på topp-tillegg for høgskuleutdanna

· Fleksibel arbeidstid

· Gode pensjonsordningar

· Rabatterte forsikringar i KLP

 

Om du vil vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort engasjement for barn og familiar, håpar vi å høyre frå deg.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve ti å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti stillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted DALE I SUNNFJORD (Adresse: Dalstunet 20 Postnr: 6963)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5df400a0-82c6-49bf-b315-710c2201c460
IMPORTAPI