Stillingsbeskrivelse

Published 31-03-2025
Deadline: 15-04-2025

Konsulent/sakshandsamar

Eid vidaregåande skule har ca. 330 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, og ca. 70 tilsette og er ein framtidsretta skule som ligg idyllisk til midt i Nordfjord-regionen, omkransa av vakker natur. Skulen tilbyr eit variert spekter av utdanningstilbod:

– Studiespesialiserande
– Påbygg til generell studiekompetanse
– Helsefag med studiekompetanse
– Elektro og datateknologi
– Teknologi og industrifag
– Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

– Nettbasert tilbod – påbygg til generell studeikompetanse for vaksne

Har du utdanning og erfaring frå merkantilt arbeid innan administrasjon og økonomi og lyst til å arbeide i eit spanande og utviklingsorientert arbeidsmiljø? Då er kanskje 100 % fast stilling i administrasjonen ved Eid vidaregåande skule staden for deg.

Arbeidsoppgåver

– Arbeid i skuleadministrativt datasystem:

– skuleårsplanlegging

– løn

– Arbeid med budsjett, rekneskap- og fakturakontroll

– Arbeid med kvalitetssikring, redigering og oppretting av rutiner i rutinehandbok

– Tilretteleggar i administrative prosessar for leiinga ved skulen

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

– Utdanning på bachelornivå innan økonomi og administrasjon, eller realkompetanse innan fagfeltet

– Erfaring frå arbeid med økonomi og administrasjon

– Erfaring frå arbeid med offentlege sakshandsaming er ønskeleg 

– Erfaring med, og gode kunnskapar om, bruk av digitale arbeidsverktøy

Personlege eigenskapar

– Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

– Systematisk, nøyaktig og løysningsorientert

– Utviklingsorientert med god gjennomføringsevne

– Du trivast med å planlegge og organisere ulike oppgåver

– Evne til å arbeide sjølvstendig 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

– Faglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø

– Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

– Løn etter gjeldane tariff i Vestland fylkeskommune

– Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd

– Stillingsnemning konsulent/spesialkonsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.

Vilkår

Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Peter Smørdal, avdelingsleiar
Alf Reidar Myrstad, rektor                        , 90962632

Arbeidsstad

Sophus Lie-vegen 3
6771 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4944144945
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eid vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune orgnr: 874571172
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside eid.vgs.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sophus Lie-vegen 3 Postnr: 6771)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/526b8766-2cd1-48c6-96f6-bfc1e889166a
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31