Stillingsbeskrivelse

Published 22-04-2025
Deadline: 14-05-2025

Konsulent digitalisering og IT-sikkerheit

Gulen kommune søker konsulent med ansvar for digitalisering og IT-sikkerheit

Gulen kommune har oppretta ei ny spanande 2-årig prosjektstilling som konsulent i inntil 100%, med moglegheit for fast tilsetting etter endt periode. Oppstart snarast/etter avtale med kommunedirektør. Gulen kommune, i lag med kommunane i IKT Nordhordland, satsar stort på digitalisering og innovasjon. Vi har fleire store prosjekt på gong, mellom anna innan helse og omsorg, og ser etter nokon som kan drive digitaliseringsarbeidet videre.

Som konsulent med ansvar for digitalisering og IT-sikkerheit vil du ha ansvar for å følgje opp og utvikle digitaliserings- og IT-sikkerheitsarbeidet i Gulen kommune. Stillinga rapporterer direkte til kommunedirektøren.

Me tilbyr 

  • Ei spanande stilling med stor moglegheit til å påverke utviklinga i Gulen kommune
  • Varierte arbeidsoppgåver i ein kommune med ambisjonar for framtida
  • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Ansvarsområde 

  • Sikkerheitskoordinator (SK) – kommunedirektøren sin operasjonelle ressurs 
  • Ansvar for GDPR/personvernarbeidet
  • Vere bindeledd mellom ulike kommunale avdelingar og aktuelle eksterne samarbeidspartar innan digitalisering, t.d. IKT Nordhordland, KS, og andre leverandørar av digitale løysingar
  • Operativt ansvar for å følgje opp og utvikle kommunen sitt internkontrollsystem
  • Systemansvarleg for ulike system
  • Vere rådgjevar/prosessleiar/prosjektleiar i prosjekt knytt til digitalisering
  • Ymse innan innkjøp og avtalearbeid knytt til IKT, lisens, telefoni etc.

I og med at dette er ei nyoppretta stilling kan det verte justering av arbeidsoppgåver og ansvarsområde.

Kvalifikasjonar 

  • Relevant utdanning, minimum fagbrevnivå 
  • Erfaring med prosjektleiing og implementering er ein fordel
  • Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel
  • Kunnskap om personvern og informasjonstryggleik
  • Førerkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar – både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar 

  • Du har god samarbeidsevne og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Du er initiativrik og opptatt av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, kollegaer og organisasjonen
  • Du evner å involvere, motivere og bygge tillit på alle nivå i organisasjonen
  • God skrifteleg og munnleg framstillingsevne
  • Du er strukturert og løysingsorientert
  • Du kan arbeide sjølvstendig, er beslutningsdyktig og har handlekraft

Personlege eignaheit vert vektlagt

Sletting av studielån 

Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no). 

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar  
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 974556073
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted EIVINDVIK (Adresse: Eivindvikvegen 1119 Postnr: 5966)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0f9e26b5-7c7d-431e-8808-c3659cd11722
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/278968

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31