Kommunikasjonsrådgjevar – Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Kultur og kreative yrker Journalistikk kommunikasjon og litteratur(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-12-2024
Deadline: 16-01-2025
Kommunikasjonsrådgjevar
Vi er DIO!
Det nye regjeringskvartalet er i ferd med å reise seg og vil opne for nye arbeidsformer, moglegheiter og utfordringar, gjennom forsterka tryggleik og større teknologisk moglegheitsrom.
Vår ambisjon? Å utløyse krafta i fellesskapet.
Med eit stort og kompetent tverrfagleg miljø, treng vi fleire dyktige kollegaer som kan hjelpe oss med å skape løysningar som verkeleg betyr noko for samfunnet. Vil du vere med på å styrkje Noregs demokratiske institusjonar gjennom teknologi?
Første januar 2025 blir vi departementa sin digitaliseringsorganisasjon – DIO.
Vi står overfor ein betydeleg endringsreise. Tre IKT-organisasjonar skal transformerast til éi digitaliseringsorganisasjon, med felles kultur, tankesett og ambisjonar. Dette krev ein fremtidsretta HR-strategi og solid støtte til våre leiarar – og her kjem du inn.
Kva blir dine oppgåver?
Som kommunikasjonsrådgjevar i seksjon for HR og kommunikasjon vil du ha ei sentral rolle i å sikre at DIO sitt bodskap når ut til våre eksterne målgrupper. Du vil vere ansvarleg for vår eksterne verksemdskommunikasjon, inkludert mediehandtering, krisekommunikasjon og vår tilstadeværelse i ulike eksterne kanalar. I tillegg vil du gi strategisk kommunikasjonsrådgjeving til leiinga, utarbeide retningslinjer for kommunikasjonsarbeidet, og vere ansvarleg for å sikre at vårt bodskap er i tråd med DIO sine mål og verdiar.
Som kommunikasjonsrådgjevar vil du ha ansvar for:
- utarbeide og implementere kommunikasjonsstrategiar: for DIO sin eksterne verksemdskommunikasjon, inkludert
kommunikasjonsplanar for ulike prosjekt. - strategisk kommunikasjonsrådgjeving: Førebu kommunikasjonsfaglege saker for verksemdsleiinga og sikre at bodskapen er i tråd med DIO sine overordna mål og verdiar.
- presse- og mediehandtering: Handtere presse- og mediehenvendelsar og sikre at DIO er godt førebudd på mediehandtering og pressehandtering.
- planleggje og gjennomføre krisekommunikasjonstiltak: Utvikle og vedlikehalde krisekommunikasjonsplanar for å sikre rask og effektiv kommunikasjon i tilfelle uforutsette hendingar.
- redaktøransvar for eksterne kommunikasjonsflater: Forvalte og utvikle verksemda sine eksterne kommunikasjonsflater, inkludert nettsider og sosiale medium.
- policyar og retningslinjer: Ansvar for utarbeiding og oppdatering av retningslinjer og rutinar på kommunikasjonsområdet.
Kven er du?
Vi søkjer deg som har:
- høgare utdanning innan kommunikasjon, medier, journalistikk eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- solid erfaring med ekstern verksemdskommunikasjon, inkludert strategisk rådgjeving og mediehandtering.
- dokumentert erfaring med å utvikle og implementere kommunikasjonsstrategiar for komplekse organisasjonar.
- erfaring med presse- og mediehandtering, inkludert krisekommunikasjon, gjerne frå offentleg sektor.
- erfaring med redaktøransvar for nettsider og andre kommunikasjonsflater.
- god forståing for politiske prosessar og offentleg forvaltning.
For å lukkast og trivast i DIO er du en ansvarleg pådrivar som:
- er engasjert: Du er motivert av vårt samfunnsoppdrag og ønskjer å bidra til fellesskapets beste.
- er proaktiv og løysningsorientert, med evne til å tenkje strategisk og handle operativt.
- er ein lagspelar: Du trivst med å samarbeide tett med leiing og tverrfaglege team, og byggjer tillit gjennom gode relasjonar og kommunikasjon.
- har gjennomføringsevne: Du er strukturert, og jobbar effektivt, sjølv under tidspress.
- er utviklingsorientert: Du er fleksibel og open for endringar, og driv kontinuerlig forbetring.
- har svært god framstillingsevne på norsk, muntleg og skriftleg.
Vilkår og betingelsar
Vi tilbyr:
- eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag.
- gode utviklingsmoglegheiter og moglegheit til å påverke selskapets vidare utvikling.
ansvarsfull, utfordrande og variert kvardag i ein innovativ og vekstorientert organisasjon. - eit inkluderande fagmiljø beståande av høgt kompetente medarbeidarar, med fokus på trivsel og fagleg utvikling.
gode pensjons- og forsikringsordningar. - fleksibel arbeidstid og øvrige velferdsgoder.
- lokaler i hjartet av Oslo.
DIO er ein ny etat som blir operativ frå 1.1.2025. Ettersom vi er under etablering, må du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag, og kunne tilpasse deg nye arbeidsformer, arbeidsoppgåver og endringar i organisering. Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver, innen relevant ansvarsområde, kan endrast for å tilpasse DIO sine utviklingsbehov og strategiske målsettingar.
Stillingen blir lønna som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med bruttolønn pr. år frå kr 720 100 – 845 900, jf. Hovudtariffavtalene i staten. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Tilsetjing føreset at kandidaten kan sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET, etter krav i Sikkerheitslova, på tiltredingstidspunktet. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli gjort offentlege, sjølv om du har bedt om å bli unntatt frå søkjarlista.
Vil du bli ein av oss?
Vil du snakke med oss om stillinga? Då kan du kontakte:
- Unni Anette Johnsrud, Fungerande avdelingsdirektør for digitale tenester DSS, e-post: Unni-anette.johnsrud@dss.dep.no
- Emilia Isabelle Handeland, Rekrutteringsrådgivar DSS, e-post: Emilia-Isabelle.Handeland@dss.dep.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Departementenes digitaliseringsorganisasjon orgnr: 932931419 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
DIO er departementa sin digitaliseringsorganisasjon. Vi understøtter to av landets viktigaste demokratiske institusjonar – regjeringa og departementa. Vårt oppdrag er å styrkje deira evne til å løyse komplekse samfunnsoppdrag gjennom sikker teknologi, digitalisering og innovasjon. Våre grunnverdiar er å vere ansvarleg, inkluderande og ein pådrivar for positiv endring. Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur blir vi betre rusta til å møte desse utfordringane. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på, noko som er avgjerande for vår evne til å levere effektive og innovative løysingar. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Les meir om dette
Les meir på dio.dep.no. |
Webside | https://www.dio.dep.no/ |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Journalistikk, kommunikasjon og litteratur |
Sted | OSLO (Adresse: Biskop Gunnerus gate 6 Postnr: 0154) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-01-2025 |