Stillingsbeskrivelse

Published 27-08-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Kommunefysioterapeut – Friskliv, fysio- og ergoterapiavdelinga – 100 % fast

Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!

  • Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
  • Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
  • Du som blir lokka av det nære og trygge
  • Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
  • Du som vil få til noko

– Du kjem til å trivast her i Vinje! 

Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapi avdeling. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift og vidareutvikling av Frisklivssentralen i kommunen
  • Lærings- og meistringskurs i regi av Frisklivssentralen
  • Lågterskelgrupper på dagtid
  • Førebyggjande arbeid og rehabilitering i kommunen
  • Habilitering/rehabilitering i institusjon og heim
  • Deltaking i utviklings- og forbetringsarbeid i form av grupper eller prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som fysioterapeut
  • Ynskjeleg med kompetanse og/eller erfaring innan frisklivsarbeid
  • Ynskjeleg med erfaring og/eller kompetanse i helsefremjande samtaleteknikk
  • Erfaring i å leie grupper/gruppetrening
  • God framstillingsevne i norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har fagleg engasjement og evne til å bidra i fagleg utvikling
  • Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
  • Du er fleksibel og omstillingsdyktig
  • Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner

Vi tilbyr

  • Særs gode kollegaer
  • Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
  • Rom for fagleg utvikling
  • Løn etter lokal tariff
  • Bilgjodtgjersle
  • Gratis skulemat
  • Gratis SFO 1.-3. klasse
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Me kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Elisabet Smalås Haagensen, Avdelingsleiar friskliv, fysio- og ergoterapitenesta, +47 40903666

Arbeidsstad

Vinjevegen 212
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4852946252
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 22.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ergo/fysio og friskliv, Vinje kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Avdelinga for fysio -og ergoterapi består av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot. Det er mykje kompetanse i denne avdelinga, og ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.

Avdelinga har eigen Frisklivssentral med tilbod til alle innbyggjarane i kommunen, der me legg særleg vekt på førebygging som helsefremmande tiltak. Me tilbyr ulike gruppetreningar og lærings -og meistringskurs. 

Webside www.vinje.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted VINJE (Adresse: Vinjevegen 212 Postnr: 3890)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-10-2024
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7c03e685-14ee-440a-91d0-7d2cb6633582
IMPORTAPI