Kommunedirektør – Vik Kommune Sentraladministrasjon

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(2 uker siden)

  • VIK I SOGN
  •  Lagt til dato: 10. juli 2024
  •  Expire date: 15. august 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-07-2024
Deadline: 15-08-2024

 

Kommunedirektør

Om Vik kommune

Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

Me har ledig

Vik kommune i Sogn har ledig fast stilling som kommunedirektør frå snarast. Kommunen si administrative leiing er sett saman av kommunedirektør, ass. kommunedirektør, 4 kommunalsjefar, økonomisjef og personalsjef.

Vik kommune står ovanfor utfordringar knytt til demografi og økonomi, og det er politisk vedteke at kommunen skal gå i gong med eit driftstilpassingsprosjekt. Dette vil krevja endringar i tenestetilbod, organisasjon og samarbeidsmåtar, samt fleire digitale løysingar. Det vil vera viktig å få på plass ein kommunedirektør som kan vera pådrivar i arbeidet med å tilpassa organisasjonen til den nye framtida. Samspelet mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde vil vera vesentleg for å lukkast med eit slikt omstillingsprosjekt.

Kven ser me etter?

Vik kommune ser difor etter deg som vil leia ein kommune med eit ambisiøst kommunestyre og ein kompetent organisasjon gjennom eit viktig og berekraftig omstillingsarbeid.

Me søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar som kommuniserer trygt og tydeleg med fokus på ein relasjonsfremjande leiingskultur. Me ønskjer ein samfunnsengasjert leiar med høg gjennomføringskraft og evne til å motivera både medarbeidarar, folkevalde, innbyggjarar og næringsliv.

Bakgrunn/erfaring

  • Relevant høgare utdanning.

  • Du har relevant leiarerfaring, helst frå offentleg sektor.

  • Du kan visa til god økonomiforståing og gode resultat frå endrings- og utviklingsarbeid.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.

  • Evne til å vera ein tydeleg leiar som inspirerer og viser veg.

  • Har høg arbeidskapasitet.

  • Oppteken av å finne gode løysingar og evner til å tenkja nytt.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Me tilbyr

  • Spennande leiarstilling med store utfordringar.

  • Arbeidsoppgåver med høve til å utvikla eigen organisasjon og lokalsamfunn.

  • Gode løns- og pensjonsvilkår.

Er du den me ser etter?

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal stå på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Me gjer merksam på at opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Me vil i tilfelle varsla deg på førehand. Jamfør offentleglova §25.

Søknadsfrist og søknadsprosedyre

Søknadsfristen er 15.8.2024. Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974554569
Kort om arbeidsgiver

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr. Tenestemålet er nynorsk.

Webside https://www.vik.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted VIK I SOGN (Adresse: Fjordavegen 1 Postnr: 6893)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 15-08-2024
Søknadsfrist 15-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/62b92366-7f2f-4d45-8d7a-1e8ffb4b7bf0
Stillingsregistrering