Kommunalsjef – Aukra kommune Sentraladministrasjonen

Health and social care Leder innenfor helsetjenester

(2 uker siden)

  • AUKRA
  •  Lagt til dato: 7. november 2024
  •  Expire date: 2. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-11-2024
Deadline: 02-12-2024

 

Kommunalsjef

Aukra kommune er ein unik vekstkommune i Møre og Romsdal med eit godt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen har robust og god økonomi og gode tenester for innbyggjarane. For at Aukra kommune også i framtida skal vere ein god kommune å leve og bu i, har vi valt å auke fokuset på strategisk leiing innan helse og omsorg. Vi søker no kommunalsjef helse og omsorg, i nyoppretta stilling. Er du den leiaren vi ser etter?
 

NYOPPRETTA STILLING SOM KOMMUNALSJEF HELSE OG OMSORG 

Aukra kommune setter i verk ei rekke tiltak for å ruste oss til å møte framtidige utfordringar og å vere ein innovativ, fleksibel og handlekraftig organisasjon. Vi tek organisatoriske grep, vil effektivisere og utvikle kulturen for å vidareutvikle og tilpasse organisasjonen. Sektorområde helse og omsorg er nyoppretta og består av ein fagstab og einingane institusjonstenester, heimebaserte tenester, bu- og habilitering, legekontor, helsestasjon og fysio-/ergoterapi. Sektoren består av om lag 135 årsverk. Kommunalsjef helse og omsorg vil inngå i teamet til kommunedirektør.

Ansvarsområder 
Kommunalsjef helse og omsorg vil ha det overordna ansvaret for kommunen sine helsetenester og vil leie ein sektor som skal levere gode framtidsretta tenester og legge til rette for at folk sjølv kan meistre eigne liv. Aukra kommune er opptatt av å ta i bruk velferdsteknologi og fokus på dette vil bli viktig for tilbod innbyggjarane vil ha i kommunen i framtida. Kommunalsjef helse og omsorg og vil inngå i kommunedirektørens leiargruppe og vere ein viktig bidragsytar i den strategiske tverrfaglege utviklinga i kommunen. Leiaren må legge til rette for eit godt arbeidsmiljø som fremmer meistring, læring og deling av kompetanse. 

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere

  • Overordna leiing av tenesteområda med god personalleiing, rett tenestekvalitet og oppfølging av mål- og resultatkrav. Leiar vil legge til rette for og bidra til eit tillitsfullt og utviklande samarbeid med dei tillitsvalde og verneteneste 
  • Budsjett- og økonomiansvar
  • Utviklingsarbeid og tydeleg strategisk leiing. Kommunalsjef vil bidra til å bygge ein ny og framtidsretta sektor med fokus på samspel, utvikling og innovasjon, herunder å utarbeide og vedlikehalde overordna system og rutiner for tenestene
  • Utarbeide og presentere saker gi informasjon og rapportere for tenestene som grunnlag for administrative og politiske avgjerder
  • Jobbe tverrfagleg i kommunen si leiargruppe og bidra til godt regionalt samarbeide med andre kommunar. Kommunalsjef skal sjå einingane i samanheng og utvikle effektive tenester og sørge for samarbeid internt i sektoren, på tvers i kommunen og mot eksterne aktørar som andre kommunar, frivillige, næringsliv og akademi

Kommunalsjef helse og omsorg vil vere fast medlem av kommunens kriseleiing.

Kompetansekrav

  • Høgare relevant helsefagleg utdanning frå høgskule eller universitet
  • Leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
  • God økonomikompetanse
  • Kommuniserer godt og tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg
  • God digital forståing og kompetanse, interesse og nysgjerrigheit for digital utvikling og velferdsteknologi

Vi ønsker ein handlekraftig leiar som bygger ein ny innovativ sektor. Som leiar er du både initiativrik, strategisk og utviklingsorientert med høg grad av evne til samarbeid og gjennomføring. Vi ønsker at du har dokumentert solid erfaring innan økonomi-, leiing og administrasjon og er ein leiar som forstår kommunal organisering, framtidsbiletet og dei utfordringane som ligg i den demografisk utviklinga. 

For å få til endring, må ein forstå det kommunale system og legge vekt på prosessar for medverking. Ein må trivast med og ha evne til å løyse komplekse drifts- og utviklingsoppgåver med effektivitet, stor arbeidsevne og struktur. Ein må kunne bygge gode relasjonar til mellomleiarane, tilsette og brukarinteressentar. Vi treng at leiar skapar begeistring, motiverer for endringar og trivast med å gjere andre god.

Kvifor søke vår nyoppretta overordna leiarstilling innan helse og omsorg?
Stillinga som kommunalsjef helse og omsorg er ei ny og spennande stilling der du som leiar er med på å forme tenestene for framtida. Vi har eit godt leiarteam som vil deg vel. Aukra kommune er ein veldriven kommune med gode moglegheiter til utvikling. Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar og løn etter avtale.
Her kan du sjå meir om kommunen vår:  Video om Aukra kommune

Aukra kommune vart i 2024 kåra til den best styrte kommunen i landet. “Best styrte kommunar byggjer på ein kombinasjon av evna til å levere tenester med god kvalitet, låge kostnader og utan at det går utover den finansielle balansen til kommunen. “Aukra, til dømes, med dei store inntektene sine og veldig gode finansar, klarer å halda igjen”, seier Agenda Kaupang. Det skal sterk rygg til å bera gode tider, blir det sagt, og her har Aukra klart å setja av pengar til framtida». Les meir her:  Aukra kommune kåret til den best styrte kommunen i landet i 2024.

Søknadsfrist: 2. desember
Søk stillinga via Finn.no eller Fremogruppen.no; https://fremogruppen.recman.no/job.php?job_id=404723

Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande, uformell samtale.
Aukra kommune kan kontaktast ved kommunedirektør Gerd Marit Langøy, tlf: 915 71 540 eller e-post:gerd.langoy@aukra.kommune.no.

Vi har valt Fremogruppen som samarbeidspartnar i denne rekrutteringsprosessen. Partnar i Fremogruppen, Jorunn Løseth, kan kontaktast på tlf. 907 90 311 eller e-post: jorunn.loseth@fremogruppen.no.

Alle førespurnader blir behandla konfidensielt. Førespurnader til Fremogruppen blir behandla konfidensielt også ovanfor Aukra kommune om ønskeleg.  

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Aukra kommune er ein inkluderande kommune som ønsker mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting. 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Sentraladministrasjonen orgnr:
Kort om arbeidsgiver Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.

Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: kommunedirektør, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 9 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted AUKRA (Adresse: Nyjordvegen 12 Postnr: 6480)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dd78cc0d-7fa9-4ea1-b26b-f102665f0947
IMPORTAPI