Kokk på Fjaler sjukeheim – 100 % stilling – Fjaler kommune Fjaler sjukeheim

Reiseliv og mat Kokk

(1 uke siden)

  • DALE I SUNNFJORD
  •  Lagt til dato: 31. oktober 2024
  •  Expire date: 20. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 20-11-2024

 

Kokk på Fjaler sjukeheim – 100 % stilling

Vi søkjer dyktig kokk til kjøkkenet ved Fjaler sjukeheim. Vi har ledig ei 60 % fast stilling som kokk på kjøkkenet på Fjaler sjukeheim frå 01.02.2025. Om du er interessert og har behov for å jobbe 100 % kan vi i tillegg tilby 40 % fast stilling oppe i avdelingskjøkken.

På kjøkkenet produserer vi heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar etter kok/kjøl- kok/server- og sous vide- prinsippet. No ser vi etter ein positiv og fleksibel kokk som vil jobbe med oss.
Fjaler sjukeheim har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken i underetasjen på helsetunet. Hos oss har vi tre faste stillingar. Det blir servert 4 hovudmåltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid.
Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det. Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande etter kok/kjøl- prinsippet. Denne blir levert til heimebuande to gongar i veka. Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00- 14.30, og som tilsett på kjøkkenet har ein fri alle heilagdagar.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, vi håpar å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver

Kjøkken 60 % stilling:

  • Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
  • Ansvar for å følgje dei rutinar i IK- Matsystem som gjeld eige område

I avdelingskjøkken 40 % stilling:

  • Lage til ulike måltid, servering, tilrettelegging i høve måltid, opprydding

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk eller institusjonskokk.
  • Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og effektiv
  • Sjølvstendig
  • Positiv
  • Fleksibel
  • God på kommunikasjon og samarbeid

Vi tilbyr

  • Garantiløn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Introduksjonsprogram for nye tilsette
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjaler kommune Fjaler sjukeheim orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjaler sjukeheim har totalt 35 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 14 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt 2 dagar per veke. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg.

Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Sjukeheimen har starta opp med arbeid knytt til oppgåvdeling – TØRN. Våre tenester vert tilpassa for å møte framtida sine behov, og vi har mange spanande oppgåver.

Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted DALE I SUNNFJORD (Adresse: Dalsvegen 81 Postnr: 6963)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f6d36002-1921-4e45-ae35-98b74d00bc76
IMPORTAPI