Kokk i barnehage – Trollongane barnehage, Time kommune

Education Forskolelaerer

(1 uke siden)

  • BRYNE
  •  Lagt til dato: 26. september 2024
  •  Expire date: 7. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 26-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Kokk i barnehage

Trollongane barnhage er en 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Vi ligg sentrumsnært på Bryne og er den mest søkte barnehagen i Time kommune dette året. Vi er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Vi er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.    
 
Vi søkjer etter ein dyktig kokk som skal bidra til at barna i barnehagen får servert sunn og ernæringsrik mat kvar dag! Måltidet er ein viktig del av barnehagedagen og ein pedagogisk arena i barnehagen kor vi sitt i lag alle.   
 
Du er ein engasjert fagperson som med din kompetanse kan lage næringsrike, delikate og freistande rettar til glede for barna i barnehagen! Fokuset er at maten skal lages fra botn av som brød, supper m.m. og på kjøkkenet vil du finna utstyr som gjer gode moglegheiter for nettopp det! Du må ha gode samarbeidsemnar med store og små, og må vera villig til å steppe inn på avdeling ved behov. Oppstart i stillinga etter avtale. Barnehagen har no ca. 100 barn fordelt på 5 avdelingar 

Arbeidsoppgåver

  • Tilbereding av frokost, lunsj og fruktmåltid  
  • Planlegging og innkjøp 
  • Reinhald av kjøkken og oppvask  
  • Ansvar for IK-mat   
  • Kan verta aktuelt med endring i arbeidsoppgaver utifra driftsbehov (til dømes vere med barna)   

    

Kvalifikasjonar

  • Kokk med fagbrev, eller praksis fra liknande stillingar 
  • God erfaring med å tenkja økonomi, bærekraft og utnyttelse av råvarer   
  • Kjent med IK-mat   
  • krav om politiattest 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, er raus og opptatt av å være med å fremme eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig, effektivt ognøyaktig, og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast  
  • Det kreves gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen  
  • Du er stolt av faget ditt, glad i lage mat, godt humør og lyst til å gjera barn nysgjerrig på mat  
  • Du er omsorgsfull og ein voksen som trives med å jobbe med barn 

Vi tilbyr

  • Offentleg tenestepensjonsordning, KLP
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156

Arbeidsstad

Kjeldevegen 1
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4861978042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Trollongane barnehage, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted BRYNE (Adresse: Kjeldevegen 1 Postnr: 4344)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/455454aa-b3de-426f-9e9e-e7b899906224
IMPORTAPI