Kokk 100% fast stilling – Kvinnherad kommune Matforsyning

Reiseliv og mat Kokk

(12 timer siden)

  • ROSENDAL
  •  Lagt til dato: 27. oktober 2024
  •  Expire date: 18. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 27-10-2024
Deadline: 18-11-2024

 

Kokk 100% fast stilling

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune har ei eiga eining for matforsyning som distribuerer mat til institusjonar og bufellesskap i kommunen. Vi treng kokk i 100% stilling. Eininga held til på Husnestunet, og er Kvinnherad sitt «storkjøken» på matlevering. Her arbeider du i lag med fleire kjekke kollegaer, der fokus er kvalitet på leveransar til brukargruppa vår. I tillegg til å produsere middag/bakverk, så har ein catering og selskapsverksemd. Her vil du arbeide i eit pulsersande miljø, med høgt tempo, der kvalitet på det vi leverer er i fokus. 

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat til institusjonar, bufellesskap heimebuande og kafeteria og noko private arrangement. 
  • Kjennskap til Normalkost/spesialkost/diettar.
  • Pakking og distribusjon av matvarer til dei ulike institusjonane i Kvinnherad kommune.
  • Reinhald på arbeidsplassen og anna forfallande arbeid.
  • Andre oppgåver kan verte tillagt stillinga.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Føremon med erfaring i frå institusjonskjøkken
  • Kjennskap til produksjons -og næringsmiddelhygiene
  • Førarkort kl. B

 

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsfull og nøyaktig
  • Serviceinnstilt

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

  • Arbeid på dagtid, måndag til fredag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO og reduserte barnehageprisar

 

Kunne du tenkje deg å leve å bu i vakre Kvinnherad; ein av 8 kommunar i Sunnhordland; sjå film om området vårt her: 

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Matforsyning orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3f8fafca-a0c9-47e1-b21d-9509f08978e4
IMPORTAPI