Klinisk terapeut – Bykle kommune, Bykle

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(22 timer siden)

  • BYKLE
  •  Lagt til dato: 5. november 2024
  •  Expire date: 22. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 05-11-2024
Deadline: 22-11-2024

 

Klinisk terapeut

Bykle kommune og Valle kommune har felles helseteneste med Bykle kommune som vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 24 tilsette fordelt på legeteneste, fysioterapi, ergoterapeut, jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste samt psykisk helse og familiestøtte.

Psykisk helse og familiestøtte i Bykle og Valle har ledig 100 % vikariat som klinisk terapeut frå så raskt som mulig til 31.08.2025, med moglegheit til forlenging.
Tenesta har kontor i Valle, Bykle og på Hovden og er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit. Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområde i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett av terapeut, SLT- koordinator, ruskonsulent og psykolog.

Vi tilbyr ein allsidig jobbkvardag i vakker fjellnatur, og ønskjer deg med på laget!

 

Arbeidsoppgaver

  • Behandling av pasientar med psykiske lidingar – alle aldersgrupper
  • Arbeid målretta for å førebyggje og redusere rusmisbruk og psykiske lidingar
  • Kartleggingsarbeid
  • Støttesamtalar, rettleiing og oppfølging
  • Tverrfagleg samarbeid med primær- og spesialhelsetenesta
  • Noe systemarbeid må påregnes

Kvalifikasjoner

  • Treårig relevant helsefagleg utdanning, primært med videreutdanning innen psykisk helse og/eller familieterapi
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus
  • Ønskeleg med behandlingserfaring
  • Ønskeleg med kompetanse innan familiearbeid, foreldrerettleiing, samt arbeid med born og unge
  • Må beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
  • Grunnleggjande IKT-kunnskap, vi nyttar InfoDoc som journalsystem

Personlige egenskaper

  • God på kommunikasjon og tverrfagleg samhandling
  • Feksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig og tek ansvar for eigne vurderingar
  • Ønsker å videreutvikle rus/psykisk helsearbeid i kommunen
  • Motivert til å dele sin kunnskap med og å lære av andre
  • Ha god etisk praksis både i arbeid med brukare og i samarbeid med kollegaer

Personlege eigenskaper vil bli vektlege.

Vi tilbyr

  • God rettleiing av to erfarne psykologar
  • Høve til å påverke og utforme arbeidsplassen
  • Godt kollegialt fellesskap og ein arena for interessante, varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Mangfaldige moglegheiter til friluftsaktivitetar både sommar og vinter

Krav om politiattest ved tilsetting.

 

Kontaktinformasjon

Kjetil Juva, Lege med spesialitet, 97574410

Arbeidssted

Sarvsvegen 14
4754 Bykle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 4882196857
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bykle kommune, Bykle orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott aplinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle – Kristiansand er 18 mil
  • Bykle – Oslo er 29 mil
  • Bykle – Stavanger er 33 mil
  • Bykle – Bergen er 35 mil
Webside bykle.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BYKLE (Adresse: Sarvsvegen 14 Postnr: 4754)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d6bc5406-88d9-4c6c-ae43-17ce1185aa38
IMPORTAPI