Klinikkleiar – Førde klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Health and social care Tannhelse pleie

(2 dager siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 6. januar 2025
  •  Expire date: 26. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 06-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Klinikkleiar

Vestland Fylkeskommune søkjer ein engasjert og tydeleg klinikkleiar for Førde klinikkområde i 100% fast stilling frå 01.03.24.

Klinikkområdet høyrer til Nord Tannhelseområde og består av Førde tannklinikk og narkosetilbodet ved Førde sentralsjukehus.

Førde, som er knytepunktet i Sunnfjord kommune, er den største byen i gamle Sogn og Fjordane, og ligg ein tre timar køyretur nord for Bergen. Sentrum er omringa av nydelege naturområde med sin nærleik til både fjell og fjord. Det er nydelege langrennsløyper, flotte toppturmogelegheiter, nytt klatresenter og gode idrettsmiljø der volleyball står spesielt sterkt i byen. Førde er ein by med stor utvikling og har alt av urbane tilbod med restaurantar, kafear, butikkar og kjøpesenter.

Tannklinikken har ca. 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar, og flytta i 2023 inn i nye moderne flotte lokaler. Tannklinikken driv narkose på sjukehuset og arbeid på Barnehuset, og ei spesialistavdeling på tannklinikken i regi av TkVestland er under planlegging. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling. 

Arbeidsoppgåver

–          Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og føl målsetnadane til Vestland Tannhelseteneste
–          Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
–          Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
–          Personalleiing
–          Økonomistyring
–          Klinikkleiar er ein del av områdeleiar si leiargruppe, og er forventa å delta aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for området

Kvalifikasjonar

Søkjaren bør ha tannhelsefagleg bakgrunn. Det er ein fordel om søkjaren har leiarutdanning eller leiarkompetanse. Evt. blir det forventa at søkjar tar denne utdanninga innan 3 år etter tilsetting. Det blir gjort ei heilheitleg vurdering av søkjaren ved tilsetting i stillinga.

Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg, søknaden må være på norsk. Relevante dokument skal vere oversett til norsk eller engelsk. 
Den som skal tilsetjast må leggje fram politiattest.

Kompetent, open og modig er dei grunnleggande verdiane i Vestland Fylkeskommune, og skal være grunnlag for all leiing.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

–          set pasientane i fokus for klinikkområdet sitt arbeid
–          byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
–          gjennom god leiingspraksis etablerer tillit og skapar samhald
–          opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører administrative vedtak
–          har gode kommunikasjonsevner
–          har god gjennomføringsevne
–          kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste er eit føremon
–          evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

–          ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
–          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
–          godt samarbeid, god kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiarane og områdeleiar
–          løn etter avtale
–          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
–          Alle nytilsetjingar vert gjort med 6 mnd prøvetid

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010, elisabet.skrede@vlfk.no

Arbeidsstad

Langebruvegen 76
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4895594893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Førde klinikkområde, Vestland fylkeskommune orgnr: 974570890
Kort om arbeidsgiver Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Tannhelse/-pleie
Sted FØRDE (Adresse: Langebruvegen 76 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/df9ab536-9ced-4bf3-a1cc-8a7302c8f3fd
IMPORTAPI