Stillingsbeskrivelse

Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Klar for ein spananade leiarjobb ?  Seksjonsleiar ved Selje-/Hasletunet, Volda  Omsorgssenter

Vår seksjonsleiar skal over i anna arbeid og vi søkjer difor etter ny seksjonsleiar for
Selje /Hasletunet på Volda Omsorgssenter. 
Seksjonsleiar har dagarbeid der ein kombinerer direkte tenesteyting med leiing og
administrative oppgåver.
Selje/Hasletunet er ein seksjon med 19 plassar for personar med demens, fordelt på 2 grupper
På denne arbeidsplassen får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spannande utfordringar ilag med engasjerte og kompetente
medarbeidarar. Vi har stort fokus på miljøarbeid og å skape ein god dag for dei som bur her. 
Stillinga er ledig frå  06.01.2025. Er du sjukepleiar / vernepleiar så send ein søknad då vel. 

Arbeidsoppgåver

Dagleg ansvar for drifta i seksjonen
Dagleg ansvar for personale. 
Medansvar for budsjett og økonomi
Ansvar for utvikling- og endringsprosessar
Vere ein tydeleg leiar som kan stå i utfordringar og som legg godt til rette for eit godt samarbeidsklima, medverknad og innovative løysingar
Fagansvar for seksjonen, sjå til at tenestene har god fagleg kvalitet
Delta i den interne leiargruppa som består av avdelingsleiar og  seksjonsleiarar i institusjonstenesta

Kvalifikasjonar

Autorisert sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan leiing,  gi opp  HPR -nr i søknaden.
Det er ønskeleg med erfaring innan leiing  og / eller kvalitetsutvikling
Erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid
Det er ein fordel med erfaring frå kommunal helseteneste, og at ein har god oversikt over krava stilt til kommunale helse – og omsorgstenester generelt og seksjonen sine fagområde
Evne til å jobbe systematisk og målretta med god framdrift
Det skal framleggas politiattest før oppstart i stillinga.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica. 

Personlege eigenskapar

Du er tydeleg som leiar, og du både støttar, utfordrar og stiller forventningar til dine medarbeidarar
Du er opptatt av kommunikasjon og har evne til å inspirere og motivere dine medarbeidarar
Du er sjølvstendig i ditt arbeid, har god arbeidskapasitet og har evne til å prioritere mellom ulike arbeidsoppgåver.
Du er ein synleg leiar med gode relasjonelle ferdigheiter og har evne til å utvikle fellesskap og gode team
Du er strukturert og har god systemforståing, samt ferdigheiter innan data- / fagprogram 
Du er fleksibel og løysingsorientert
Du er ein god lagspelar
Du må kunne identifisere deg med verdiane i Volda kommune: RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE..

Vi tilbyr

Ei spanande, krevjande og interessant stilling
Leiaropplæring-/oppfylging
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fokuspå relevant kompetanseutvikling, og høve til vidareutdanning
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, avdelingaleiar Institusjon , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4879230796
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Institusjonsteneste orgnr: 975300331
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted VOLDA (Adresse: Barstadmarka 2 Postnr: 6102)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dfb854ee-f847-46ae-a31e-5f17fe3e5a37
IMPORTAPI