Kateket / Menighetspedagog – Klepp kyrkjelege fellesråd

Kultur og kreative yrker Religiost arbeid

(2 dager siden)

  • KLEPPE
  •  Lagt til dato: 20. mars 2025
  •  Expire date: 6. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 20-03-2025
Deadline: 06-04-2025

Kateket / Menighetspedagog

Kateket/ menighetspedagog i Bore menighet
Klepp kyrkjelege fellesråd søker etter kateket/ menighetspedagog i 50 % fast stilling med arbeidsstad Bore menighet.

Bore menighet ligg i Klepp kommune, og har ca 3 200 medlemmar og vert rekna som ein «tregenerasjonars-menighet» Det vert drive mykje godt frivillig arbeid. Det er mange ungar og familiar hos oss, og ungdoms- og konfirmasjonsarbeid er noko menigheten vil fokusera på. Visjonen til Bore menighet er; sett, famna og utfordra. I alt me gjer ønsker me at dette skal skine gjennom. Me vil at Bore menighet skal vere ein god stad å vera og vekse, og me arbeidar for å realisera visjonen gjennom dei ulike tiltaka i menigheten.

Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som består av sokneprest, menighetspedagogar, organist, sekretær og dagleg leiar. Diakon er felles for alle kyrkjelydane i fellesrådet. Staben har kontor i Kleppekrossen, saman med Klepp og Orre menighet.

Les meir om kyrkjelyden på https://borekyrkje.no/

Arbeidsoppgåver:

Som kateket/menighetspedagog får du ansvaret for kyrkja sitt arbeid knytt til aldersgruppa 13-18 år, med hovudfokus på konfirmantar.

  • Leia, administrera og gjennomføra konfirmantarbeidet inkl. konfirmatleir.
  • Utvikle og drive ungdomsarbeid og leiartrening.
  • Drive og gjennomføre menigheten sitt undervisningsarbeid (trusopplæring) for ungdom.
  • Rekruttere, følgje opp og dyktiggjere frivillige.
  • Informasjons – og profileringsarbeid for ungdomsarbeid.
  • Samarbeid med skuler og andre kommunale einingar.
  • Vere med på enkelte tiltak for yngre aldersgrupper i samarbeid med menighetspedagog.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkje.
  • Søkarar som har utdanning innafor pedagogikk, teologi eller livssynsfag kan verta vurdert. Det kan verta lagt til rette for at ein kan ta kateketutdanning.
  • Har erfaring med arbeid blant barn og unge, og eit sterkt engasjement for denne målgruppa.
  • Gode evner til formidling, kommunikasjon, relasjonsbygging og planlegging/administrasjon av arbeidet.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillige og stab.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Flink til å skape relasjonar til folk og liker deg godt “ute i feltet”.
  • Engasjert, initiativrik, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande.
  • Kjenne seg att i menigheten sin visjon; Sett, famna, utfordra.
  • Det vert lagt stor vekt på personleg dugleik til stillinga.

Me tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø og stabsfellesskap.
  • Lønn og godtgjersle etter kvalifikasjonar og satsar for kyrkjeleg sektor ihht KAs tariff.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit for å prege stillinga etter eigne interesser og ferdigheiter. 

Anna:

  • Søkjer må disponera bil.
  • Mykje av arbeidstida er knytt til ettermiddagar, kveldar og i helger.
  • Lokal kjennskap til kommune og kyrkjelyd vil vera eit fortrinn.
  • Søkjar må være medlem i Den norske kyrkje.
  • Prøvetid på seks månader.
  • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tilsetting, jfr. Trossamfunnslovens § 20.
  • Tiltredelse: etter avtale.

Kontaktinformasjon

Hilde Eikeland, Daglig leder, Bore menighet, +47 48036029
Arvid Kaspersen, Kyrkjevergje, Klepp kyrkjelege fellesråd, +47 40157641

Arbeidsstad

Kleppevarden 2
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4942099792
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kyrkjelege fellesråd orgnr: 977010284
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted KLEPPE (Adresse: Kleppevarden 2 Postnr: 4350)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Ikke oppgitt
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/add49bd8-ed23-4c5c-b841-efce7f956887
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31