Stillingsbeskrivelse

Published 21-11-2024
Deadline: 09-12-2024

 

Karriere på Voss sjukehus? Ledig stilling for helsefagarbeidar/ hjelpepleiar

Voss sjukehus har ledig 80% fast stilling for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk avdeling, sengepost. 

 Stillinga er ledige frå 01.02.2025.

OM AVDELINGA
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk avdeling, og har heildøgnssengeplassar. Det vert behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar innan til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. 

Sengepostane har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset. Dersom du ynskjer å opparbeide deg brei og solid erfaring, samt god kompetanse innafor fleire spennande fagområde, søk jobb hjå oss! 

OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og oppfølging av pasientar
  • Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten

Kvalifikasjonar

    • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
    • Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar

    Personlege eigenskapar

    Vi tenker at du:

    • er ein god teamarbeidar
    • trivast i eit aktivt og travelt miljø
    • likar varierte utfordringar
    • har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikle kompetansen din

    Vi tilbyr

    • Opplæring med fadder
    • Deltaking i kompetanseutviklingsprogrammet til Helse Bergen
    • Lærerik og spennande jobb i aktiv sengepost
    • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
    • Løn etter gjeldande overeinskomst

     

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Stine Hernes, Ass. seksjonsleiar , 56533735
    Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 16
    5700 Voss

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen

    Referansenr.: 4888606198
    Stillingsprosent: 80%
    Fast
    Startdato: 01.02.2025
    Søknadsfrist: 09.12.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Voss sjukehus, Helse Bergen orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Webside www.helse-bergen.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Helsefagarbeider
    Sted VOSS (Adresse: Sjukehusvegen 16 Postnr: 5700)
    Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse 01-02-2025
    Søknadsfrist 09-12-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/08b711e6-d55b-43fe-ab30-7448ac0341fa
    IMPORTAPI