Stillingsbeskrivelse
Published 29-09-2024
Deadline: 06-10-2024
Kariplassen C
Vi søkjer etter vernepleiar til ledig 100 % stilling ved bueining Kariplassen C.
Arbeidstid
Det er langturnus der ein er på arbeid i to eller tre døgn sammenhengende. Ein arbeidar kvar 4.helg. Det er lagt inn tilsaman ti timar pause / kviletid i arbeidstida per døgn. Arbeidet er organisert i team der ein er tre tilsette på jobb til ei kvar tid. Sammensetjinga av dei ulike teama er rullerende ut i frå turnusplan.
Av omsyn til brukar sin situasjon og arbeidet sin eigenart vil berre mannlege søkjarar bli vurdert.
Arbeidsstad
Kariplassen C ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. Bu-og habiliteringstenestene yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i heimen til den enkelte og er individuelt tilrettelagt.
Arbeidsoppgåver
– nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
– observere, registrere og kartlegge . Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
– medikamenthåndtering (dersom helsepersonell)
– gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
– utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
– ivareta krav i høve dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som er utdanna vernepleiar.
For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
– god kunnskap om psykisk utviklingshemming
– kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
– ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
– ønskeleg med kompetanse i handteringog førebygging av utfordrande atferd
– rettleiingskompetanse
– ha gode kommunikasjonsevne
– ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
– datakunnskap
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– du må ha førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
– fagleg engasjert
– er stabil og fleksibel
– ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– det vert vektlagt at ein er personleg eigna
– ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
– evne til å skape «det gode liv» for tenestemotakaren
Vi tilbyr
– allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
– fagleg utvikling etter kompetanseplan
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO