Stillingsbeskrivelse
Published 26-03-2025
Deadline: 22-04-2025
Kantor/organist/kyrkjemusikar til Florø (Kinn)
KANTOR/ORGANIST/KYRKJEMUSIKAR i FLORØ
Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig 100 prosent fast stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar. Vi arbeider kvar dag for å skape gode gudstenester og kyrkjelege handlingar – og no treng vi en ny med på laget vårt! Arbeidsområdet vil primært vere i den sørlege delen av Kinn kommune med sokna Kinn, Eikefjord, Bru og Nordal. Med fem kyrkjer og fleire preikestadar får du ein variert arbeidskvardag.
Arbeidet vil i hovudsak gå ut på speling til gudstenester, gravferder, andaktar, vigsle og andre kyrkjelege handlingar. I tillegg vil ein ha ansvaret for kor. Til stillinga ligg hovudansvaret for det kyrkjemusikalske i sokna Bru, Eikefjord, Kinn og Nordal. Florø kyrkje har eit nyintonert Jehmlich Orgel 32/III/P og eit framifrå Bechstein-flygel. Vidare er det eit engasjert kyrkjekor med om lag 25 medlemar. I Florø er det gudsteneste kvar søndag. Vi har nyoppussa og gode kontor på kyrkjetorget i sentrum av Florø.
Arbeidsoppgåver:
-
Utvikle, planlegge og gjennomføre gudstenester og andre kyrkjelege handlingar
-
Leggje til rette for aktivt song- og musikktilbod i kyrkjelyden
-
Arrangere konsertar og leie kor
-
Medverke i trusopplæringstiltak, konfirmantarbeid og skulesamarbeid
-
Samarbeide med andre kollegaer og frivillige som brenn for det same som deg
-
Vedlikehalde og sjå til instrumenta
-
Arbeid med born og unge, med særleg fokus på song og musikk
-
Leie det kyrkjemusikalske arbeidet i Kinn sør
Kven ser vi etter?
Vi søkjer etter ein kandidat med relevant utdanning innan kyrkjemusikk eller musikk. Vi vil legge vekt på gode samarbeidsevner. Erfaring med å jobbe strukturert og målretta vil vere viktig.
Vi ser etter ein som trivst med å møte menneske i ulike aldersgrupper. Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil. Du må beherske skandinavisk muntleg – skriftleg er ein fordel.
Stillinga vert lyst ut med lønskode 5202, med krav om utdanning på master-nivå eller tilsvarande.
Kandidatar med mindre utdanning er velkomne til å søkje, men vert plassert i ein annan stillingskode og ei anna lønsgruppe, etter kvalifikasjonane kandidaten har. Kandidaten må vere budd på at stillinga kan endre seg etter behovet i fellesrådet.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøvespeling. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter lover, reglement og tariffavtale. Vi krev godkjend politiattest ved tilsetjing på grunn av arbeid med born og unge, jf. trussamfunnslova § 20. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jamvel om søkjaren bed om å ikkje vere offentleg, jf. offentleglova § 25.
Send søknad og dokument til kyrkja@kinn.kommune.no, eller lever på kyrkjekontoret i Florø eller Måløy. Søknadsfrist 22. april 2025.
For meir informasjon, kontakt kantor Sebastian Ryll, telefon 468 02 747 eller kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård, 481 00 481 eller 466 455 75.
Det kan vere aktuelt å gjere teneste i grannekommunar, og arbeidsgjevar skal stå fritt til å leige ut organistressursar til grannekommunar. Organistane vikarierer for kvarandre i heile kommunen.
Organistene i fellesrådet deler på arbeidsoppgåvene.
Det kan vere aktuelt å gjere teneste i nabosokn.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kinn kyrkjeleg fellesråd – Florø orgnr: 977012384 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for sju kyrkjer og 20 gravplassar i Kinn kommune. Vi har seks sokn: Kinn, Eikefjord, Bru, Nordal, Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy. |
Webside | https://kinn.kyrkja.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Musikk/lyd, foto og video |
Sted | FLORØ (Adresse: Hans Blomgate 1 Postnr: 6905) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 22-04-2025 |