Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50% – Ålesund kyrkjelege fellesråd
Kultur og kreative yrker Musikk lyd foto og video(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%
Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd og lysanlegg, og kontor for tilsette. Orgelet er bygget av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i arbeid retta mot barn og unge. Soknet har eit stort potensiale med mange ungdomar knyta til ungdomsklubb og speidararbeid. Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i denne aldersgruppa og som kan vere med å vidareutvikle song- og musikklivet som ein del av arbeidet med å bygge kyrkjelyd. Samarbeid med lokale musikkutøvarar for deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement er viktig.
Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no
Arbeidsoppgåver
- Tenestegjere ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
- Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
- Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
- Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
- Nokre tenester, t.d. gravferder i andre kyrkjelydar må ein rekne med.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tjenesteordning for kantorer, eventuelt kyrkjemusikar med anna relevant utdanning/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning
- Erfaring med musikalsk arbeid med barn og unge
- Allsidig og trygg i ulike musikalske uttrykk.
- Gode norskkunnskapar, skrifteleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og kreativ, og har eit ønskje om å bidra i kyrkjelydens musikalske arbeid.
- Evne til samarbeid og fleksibilitet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
- Lønn etter KAs tariffavtale
- Pensjons- og forsikringsordningar
Anna
- For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
- Tilsetting i Ålesund kyrkjelege fellesråd med for tida Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Oppstart etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Hans Roar Aas, Avdelingsleiar kyrkjelyd, 943 23 279
Oddvar Bjørge, Soknerådsleiar, 917 29 177
Kristin Smehus, Dagleg leiar, 936 79 421
Arbeidssted
Langelandsvegen 17
6010 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4883833247
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ålesund kyrkjelege fellesråd orgnr: 977013682 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | |
Webside | http://www.kirken.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Musikk/lyd, foto og video |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Langelandsvegen 17 Postnr: 6010) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |