Kan du vera ein trygg vaksen og vil bidra til trivsel og læring? – Vindafjord kommune Sandeid skule
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 05-11-2024
Deadline: 22-11-2024
Kan du vera ein trygg vaksen og vil bidra til trivsel og læring?
Me søker:
Ein fagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar eller anna til 150% fast stilling ved Sandeid oppvekstsenter. Stillinga er ledig frå snarast mogeleg.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Ha medansvar for elevar på 1.-7.trinn inne i klasse og ute på gruppe
- Kan ha ansvar for å gjennomføre spesialpedagogisk opplegg for elev
- Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for elevar saman med lærarar
- Det inngår i stillinga å arbeide ved skulen sin SFO (skulefritidsordning)
- Anna arbeid kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev eller anna utdanning som er retta inn mot barn og unge
- Anna relevant utdanning vil bli vurdert
- Det er ønskeleg med kompetanse og eller erfaring i traumebevisst omsorg
- Spesialpedagogisk kompetanse eller erfaring
Personlege eigenskapar:
- Du må vera god på samarbeid
- Vera ein autoritativ vaksen med haldning om at barn gjere så godt dei kan når dei kan
- Løysningsorientert
- Omsorgsfull, trygg og forutsigbar
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO