Jurist KI – Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)

Kontor og økonomi Juridisk arbeid

(2 dager siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 22. oktober 2024
  •  Expire date: 13. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-10-2024
Deadline: 13-11-2024

 

Jurist KI

Om stillinga

Vi byggjer opp vårt miljø innan kunstig intelligens (KI) og EU/EØS-rett på digitaliseringsområdet. 

Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit avgjerande verktøy for å møte desse krava, samstundes som vi sikrar rettstryggleik og tillit. 

Vi søkjer derfor etter ein dyktig og engasjert jurist til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet. Som ein del av vårt team vil du vere med på å forme og utvikle Noregs politikk innan KI og digitalisering. Du vil ha ei sentral rolle i å implementere viktige EU-reguleringar som vil legge grunnlaget for ei trygg og effektiv digital omstilling i Noreg.

Du blir ein del av seksjon for IT-politikk. Vi har ansvar for å innføre KI-forordninga i norsk rett, i tillegg til andre sentrale EU-rettsakter på digitaliseringsområdet. Hos oss vil du bli ein del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø beståande av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og vi har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men også svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar. 

Vi er i ferd med å utvide vår avdeling og vil i løpet av dei komande månadene lyse ut fleire stillingar. Vi oppmodar difor interesserte kandidatar til å følgje med på utlysingane våre. 

Arbeidsoppgåver

Regjeringa har nyleg lansert ein ambisiøs digitaliseringsstrategi med mål om å gjere Noreg til verdas mest digitaliserte land innan 2030. Som jurist hos oss vil du delta i arbeidet med å iverksette denne strategien. Du vil ha ansvar for å implementere og forvalte EU-rettsakter på digitaliseringsområdet, slik som eIDAS-forordninga, Åpne data-direktivet, Dataforvaltningsforordninga (DGA) og KI-forordninga. 

Hos oss vil du få mykje ansvar og stor fridom til å løyse arbeidsoppgåvene dine. Seksjonen har mellom anna ansvar for strategi- og politikkutforming for digitaliseringa i heile samfunnet, og har eit breitt spekter av oppgåver. For denne stillinga får du mellom anna jobbe med å, 

  • følgje opp regelverksprosessar i EU 
  • følgje opp relevante EØS-prosessar
  • utarbeide høyringsnotat og regjeringsnotat
  • utarbeide lovproposisjonar og forskrifter
  • arbeide med andre oppgåver i seksjonen si portefølje, herunder bestillingar frå politisk leiing

Vi søkjer deg som har

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • Mastergrad i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen
  • Teknologiinteresse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om digitalisering, dataforvaltning og/eller kunstig intelligens
  • Erfaring med lov- og forskriftsarbeid
  • Forvaltingsrettsleg kompetanse eller erfaring frå offentleg sektor 
  • Erfaring frå å leie større arbeider
  • Gode engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg med gode samarbeidsevner som har evne til å formidle komplekse samanhengar på en forståeleg og enkel måte. Du er effektiv og god til å handtere fleire oppgåver på ein gong i ein hektisk arbeidskvardag. Du har gode analytiske evnar, sterke kommunikasjonsferdigheiter og god rolleforståing. Fleksibilitet er avgjerande for å kunne balansere ulike omsyn og koordinere mange parallelle prosessar. 

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr 

  • eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
  • ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • gode utviklingsmoglegheiter
  • lokale sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
  • ein time trening i arbeidstiden i uken

Løn: Stilling blir lønt som tittel rådgivar/seniorrådgivar frå kr 650.000-900.000 (svarer til ltr 45-60). Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.

Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.

Vi er opptekne av

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. 

Informasjon til deg som søkjer 

Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.

DFD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærer at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.

Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt Catharina Nes, tlf: 941 58 007 eller e-post: Catharina.Nes@dfd.dep.no

Kontaktperson: For nærare opplysningar om rekrutteringa kontakt Sofie Swainsbury, tlf: 46 81 02 78 eller e-post: sofie-michelle-berg.swainsbury@dss.dep.no 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.

Avdeling for IT- og forvaltningspolitikk har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken og IT-politikken, for delar av personvernpolitikken og for elektronisk kommunikasjon. Ansvaret omfattar blant anna arbeidet med digitalisering og innovasjon i offentleg sektor, personopplysningsforskrifta og administrativt ansvar for Datatilsynet og for Personvernnemnda. Avdelinga har òg ansvar for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet og av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Avdelinga er fagleg sekretariat digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet får frå 1.1.2025 ei ny organisering. Dette kan påverke innplasseringa av den utlyste stillinga.

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/dfd/id810/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted OSLO (Adresse: Akersgata 59 Postnr: 0180)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0e7d403d-b3c1-47d7-a139-08be38c69370
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/267444