Jurist energi- og vassdragsrett – Energidepartementet

Kontor og økonomi Juridisk arbeid

(2 dager siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 9. desember 2024
  •  Expire date: 7. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 09-12-2024
Deadline: 07-01-2025

 

Jurist energi- og vassdragsrett

Om stillinga

I Energi- og vassressursavdelinga er det ledig eit 12 månaders vikariat med mogleg forlenging som førstekonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar (jurist) i Seksjon for energi- og vassdragsrett (EVR).

Som jurist i EVR kan du rekne med varierte oppgåver med rettslege spørsmål innanfor heile energi- og vassdragsområdet, ofte i tett og tverrfagleg samarbeid med andre seksjonar. Oppgåvene omfattar juridisk utgreiing i samband med høyringssaker og lovarbeid innanfor Energi- og vassresursavdelinga sitt verkeområde. 

Oppgåvene omfattar juridisk arbeid med sentrale delar av lovverket om fornybar energi og forvaltninga av vassdrag i Noreg. Det omfattar regelutvikling knytt til vannfallrettighetsloven, vassdragsreguleringsloven, vannressursloven, energiloven, naturgassloven, havenergilova og relevant EØS-regelverk. I tillegg vil du få oppgåver med å handsame saker om erverv av rettar til vassfall og i selskap som eig vassfall.

Som ein del av embetsverket vil du arbeide med å legge eit godt fagleg grunnlag for politiske vedtak innanfor energi- og vassressursområdet. Du vil få oppgåver som ofte ligg tett på dei politiske prosessane i departementet eller inneber kontakt med andre departement og etatar. 

Vi treng din energi! 

Kvalifikasjonar

Det krevst juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap, med godt resultat. Vi søker deg som er samarbeidsorientert, har gode analytiske eigenskapar, god rolleforståing og evne til å tenke heilskapleg. Stillinga krev tett og tverrfagleg samarbeid med andre seksjonar i departementet, og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi vil elles legge vekt på at du er sjølvstendig, fagleg interessert og at du har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk. Relevant røynsle frå offentleg eller privat verksemd innanfor saksfeltet eller tilgrensande område er ein fordel. Kjennskap til EØS-rettsleg arbeid er òg ein fordel. 

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø.
  • Spennande saker i kryssingsfeltet mellom fag og politikk, og med gode høve til å påverke korleis oppgåvene blir løyst.
  • Moglegheit til å opparbeide god innsikt og særs relevant røynsle innanfor energi- og vassdragsretten.
  • Fleksibel arbeidstid, lønna overtid og god pensjonsordning
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Lønnsspenn frå kr. 550 000 – 800 000. 

Generell informasjon

Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attester må leggjast ved søknaden. 

Bakgrunnssjekk: Vi utfører bakgrunnssjekk på kandidaten som skal tilsetjast. Tilsetjing føreset at denne blir godkjend. Den som vert tilsett må kunne autoriserast for handsaming av informasjon gradert BEGRENSET.

Søkjarliste: Opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om du har bede om å bli unntatt frå søkjarlista, i samsvar med offentleglova § 2. 

Mangfald og inkludering: Energidepartementet meiner inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre endå betre.

Du kan lese meir om rekrutteringsprosessen vår og korleis det er å jobbe i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Energidepartementet orgnr: 877161692
Kort om arbeidsgiver

Hovudoppgåva til Energidepartementet er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. 

Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.

Webside https://www.regjeringen.no/no/dep/oed/id750/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted OSLO (Adresse: Postboks 8148, Dep Postnr: 0033)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8daa22c4-6582-41ea-ac53-2253613ae992
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272129