Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Journalist – 100 % stilling – Tysnes

Bladet Tysnes søker etter ny journalist i 100 % stilling (eittårig vikariat med gode moglegheiter for forlenging/fast tilsetjing). Me er lokalavisa for Tysnes kommune, som ligg i hjarta av Sunnhordland, berre ein liten time frå Bergen. Me produserer papiravis for innbyggjarane og ferierande ein gong i veka, og er raskt på nett med aktuelle saker frå lokalsamfunnet.

Som vår nye journalist ynskjer me at du skal bidra til å løfta og utvikla avisa vidare, til glede både for dei som les digitalt og på papir. Me er opptatt av å få fram dei gode historiene frå vår flotte kommune, og samtidig setja søkelyset der søkelyset bør setjast. Me dekker alle sider av lokalsamfunnet, frå politikk og krim til sport og kulturliv, og som journalist i Bladet Tysnes får ein prøva seg innanfor dei fleste felt.

Journalist-/medieutdanning eller erfaring frå avis er eit ønske.

Som journalist må ein disponera eigen bil.

Du får:

— ein variert og spennande arbeidskvardag

— stor tillit, mykje ansvar og moglegheit til å påverka utviklinga av avisa

— sjansen til å jobba med eigne idear og saker

— moglegheiter for kurs og fagleg påfyll

Me ser etter deg som:

— elsker lokalaviser, og ynskjer å vera med og fortelja dei gode, lokale historiene

— er entusiastisk og har godt humør

— kan jobba sjølvstendig og i lag med andre

— vil bidra til eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

— har god kontroll på nynorsk som målform, eller lærer fort

Søknad og CV kan sendast til redaktør og dagleg leiar Randi Kleppe.

Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål om stillinga.

Aktuelle kandidatar blir intervjua fortløpande.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bladet Tysnes As orgnr: 972164380
Kort om arbeidsgiver

Me er lokalavisa for Tysnes kommune, som ligg i hjarta av Sunnhordland, berre ein liten time frå Bergen sentrum. Me produserer papiravis for innbyggjarane og ferierande ein gong i veka, og er raskt på nett med aktuelle saker frå lokalsamfunnet.

Tysnes kommune ligg sentralt plassert i Sunnhordland, og er ein kommune med nesten 3.000 innbyggjarar. Tysnes er kjend for storarta natur og eit rikt lag- og organisasjonsliv. Det største årlege høgdepunktet for mange er Tysnesfest, som samlar tusenvis av menneske frå heile Vestlandet til folkefest midt på sommaren.

Webside https://www.tysnesbladet.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Journalistikk, kommunikasjon og litteratur
Sted TYSNES (Adresse: Teiglandsvegen 5 Postnr: 5680)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8c037ee8-f8c1-4362-bbfa-bc606bdbbed4
Stillingsregistrering