Jobb i barnehage – open søknad – Oppvekst, Kvam herad

Education Barnehage og skolefritidsassistenter

(6 måneder siden)

  • NORHEIMSUND
  •  Lagt til dato: 13. juni 2024
  •  Expire date: 30. juni 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 13-06-2024
Deadline: 30-06-2025

 

Jobb i barnehage – open søknad

Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn i Kvam? 

Barnehagane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar og me treng deg med på laget vårt.

Registrer søknad og CV her ved å velja «Søk på stillinga». Ta kontakt med vikarkoordinator dersom du treng rettleiing. 

Denne annonsa gjeld søknad om arbeid som vikar i barnehageåret 2024/2025. Søknadane vil verta behandla fortløpande og søkjarlista til stillingsannonsa vert nytta som vikarliste til barnehagane våre. Du vil bli kontakta av vikarkoordinator dersom du vekkjer vår interesse og me ser deg som ein aktuell vikar.

Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt. 

 

Vil du vita meir om barnehagane i Kvam herad eller ynskjer å ta direkte kontakt med barnehagestyrar, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/

Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg, ha tilsyn og vera i leik med enkeltbarn og/eller barnegrupper
  • Tilretteleggja for, leia og delta aktivt med barna i aktivitetar og rutinesituasjonar
  • Vera ein god rollemodell
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Samarbeida med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Lyst og motivasjon for arbeid i barnehage
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid i barnehage
  • Relevant utdanning og/eller praksis, som feks barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Gode norskkunnskapar; bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i lese-, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19,. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, omsorgsfull og engasjert
  • Du er fleksibel og ansvarsfull
  • Du møter barn, kollegaer og føresette på ein respektfull og inkluderande måte
  • Du er leiken og likar å vera aktiv i samspel med barn
  • Du trivst ute i alle årstider

Me tilbyr

  • Ein interessant og utviklande jobb i godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til å påverka eigen arbeidsdag
  • Opplæring 
  • Flotte, nye lokale med fine uteområde og nærmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:

  • Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
  • Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Kontaktinformasjon

Evy Bekkesletten, Administrasjonsmedarbeidar barnehage, 488 60 046
Ann Christin Olsen, Administrasjonsmedarbeidar barnehage, 901 53 232
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4828664288
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst, Kvam herad orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen – eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted NORHEIMSUND (Adresse: Postnr: 5600)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-06-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8b9c02af-9954-4426-a2fe-6e4870f51ec0
IMPORTAPI