Instituttleiar ved Institutt for informatikk – åremålsstilling – Universitetet i Bergen

IT Utvikling

(3 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 1. januar 2025
  •  Expire date: 2. februar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 01-01-2025
Deadline: 02-02-2025

 

Instituttleiar ved Institutt for informatikk – åremålsstilling

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w

Instittutleiar Institutt for informatikk – åremålsstilling

Ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, Institutt for informatikk er det frå 1. august 2025 ledig åremålsstilling som instituttleiar for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing. Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten ved instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe. 

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og didaktikk. Våre sentre Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit og Energy Informatics Lab er viktige utvidingar av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Den sentrale rolla informatikk spelar i samfunnet gjer at instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar og 150 tilsette frå meir enn 35 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar.

Om stillinga

Instituttleiar har overordna ansvar for den faglege og administrative verksemda ved instituttet, inkludert resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar leder instituttet innanfor de rammer og retningsliner som til en kvar tid er gitt. Instituttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla datavitskapleg forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere informatikk ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere til auka ekstern forskingsfinansiering ved instituttet. Instituttleiar rapporterer til dekan og inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet. 

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
  • bidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling.
    sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon.
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid. 
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansiering. 
  • skape ein positiv organisasjonskultur, arenaer for samarbeid, medverknad og dialog og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø. 
  • sikre at kjønns- og mangfaldsperspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i instituttkulturen.
  • sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda. 
  • sørgje for god økonomistyring og at internkontroll fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.  

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein instituttleiar som 

  • har visjonar for vidareutvikling av instituttet og evne til å sette mål strategisk for dei neste 5-10 åra.
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet. 
  • har gode leiareigenskapar, god organisasjonsforståing og evne til å tenkje heilskapleg og strategisk i ein sektor som er i stadig endring. 
  • har ein leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar i ein kontekst med akademisk fridom.
  • har ein inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. 
  • har gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt. 
  • har meget gode kunnskapar i eit skandinavisk språk og i engelsk. 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar) 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet. 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no

Alle spørsmål vert handsama konfidensielt. 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhengande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted BERGEN (Adresse: Thormøhlensgate 55 Postnr: 5006)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f7a16fcb-ae31-4ac6-8bc1-64bc18c30d96
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272983