Stillingsbeskrivelse
Published 29-10-2024
Deadline: 13-11-2024
Ingeniør – vatn og avløp – 100% fast
Om stillinga
Me har ledig ei fast stilling som ingeniør og søkjar deg som har erfaring innanfor vatn og avløp.
Stillinga er knytt til forvaltnings-avdelinga Samferdsle, veg, vatn- og avløp, som i dag har sju tilsette.
Som tilsett på avdelinga vil du ha varierte arbeidsoppgåver, alt frå sakshandsaming til synfaringar ute i felt. Det vil vere mykje samhandling med andre avdelingar, der spesielt eit tett samarbeid med driftsavdelinga er viktig. Dette gjer at du vil bli del av eit større fagmiljø med brei kompetanse.
Om tenesteområdet Eigedomsforvaltning
Avdeling for Samferdsle, veg, vatn og avløp er ei av fire avdelingar under tenesteområde Eigedomsforvaltning. Avdelinga har ansvar for forvaltning av all kommunal infrastruktur. Innanfor vatn og avløp har kommunen eit langstrakt leidningsnett. Nye krav og forskrifter gjer at kommunen stadig må vidareutvikle eksisterande infrastruktur, samtidig som noko av dagens leidningsnett er gammalt og krev utbetring. Gjennomgåande tema for avdelinga er
større vedlikehald, mindre investeringsprosjekt og langsiktige planar for vatn og avløp.
Dei andre avdelingane på tenesteområdet er bygg, areal og grønt, investeringsprosjekt, og bustadkontoret. Saman byggjar vi opp og forvaltar alle eigedommane til kommunen
Vi sitt i moderne kontor på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminal og hurtigbåt til Bergen. Her sitt vi samla med andre tekniske fag og planfag. Saman skapar vi eit sterkt fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming og vedtak knytt til VA-faget
- Prosjektleiing og byggeleiing av mindre prosjekt
- Planlegging av langsiktig arbeid (temaplanar, vedlikehaldsplanar mm.)
- Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar VA
- Dialog og oppfølging av utbyggjarar, både administrativt og ute på byggeplass
- Ta del i anskaffingsprosessar
- Informasjon og kunderettleiing til innbyggjarar og næringsliv
Kvalifikasjonskrav
- Relevant høgare utdanning som høgskule eller universitet, t.d. ingeniør. Relevant teknisk fagskule kan og vere aktuelt.
- Særleg relevant erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse og personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har erfaring med offentleg forvaltning innanfor vatn og avløp
- Har erfaring innan kommunal infrastruktur
- Har kjennskap til regelverk og formelle krav innan fagområdet
- Er sjølvgåande og effektiv – tek initiativ og kan drive saker framover
- Er engasjert og har godt humør
- Trivst med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med utbyggjarar og innbyggjarar
- Du meistrer bruk av dataverktøy
- Du meistrer norsk munnleg og skriftleg
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetjingsvilkår etter lov – og avtaleverk
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein utviklande arbeidsplass i eit hektisk og godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- Delvis heimekontor etter avtale
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Ingeniør bygg |
Sted | FREKHAUG (Adresse: Havnevegen 41A Postnr: 5918) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-11-2024 |