Ingeniør/teknisk utgreiar – Sogn og Fjordane jordskifterett
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Ingeniør/teknisk utgreiar
Om stillinga
Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som ingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vera interessant for deg.
Me har ledig to vikariat i 100 % stilling i høvesvis eitt og tre år.
Sogn og Fjordane jordskifterett har tre rettsstadar; Sogndal, Førde og Nordfjordeid. I domstolen arbeider totalt fem saksbehandlarar, sju ingeniørar, ein dommarfullmektig og sju dommarar, inkludert domstolsleiar. Dei ulike stillingsgruppene arbeidar tett saman i ulike team for kvar sak. Me samarbeider mykje og godt mellom rettsstadane, og du vil få høve til å arbeida tett med alle kollegaene.
Den/dei som vert tilsett vil arbeida med saker i heile Sogn og Fjordane rettskrins, med fast kontorplass i Sogndal.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene i stillingane er teknisk saksførebuing og tekniske gjennomføring av saker domstolen har til handsaming. Oppgåvene omfattar mellom anna:
• Saksførebuing, planlegging og utgreiing av sakene i samarbeid med dommar
• Innmåling, utsetjing, merking av grenser og utarbeiding av grenseskildring
• GIS-arbeid og utarbeiding av digitale kart
• Deltaking på rettsmøter, saman med dommar
• Leia og gjennomføra synfaring og teknisk arbeid i felt
• Verdsetja og bonitera areal
• Droneopptak
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter kvalifikasjonane til den/dei som vert tilsette. Ved særskilt kompetanse kan det også vera aktuelt å gjennomføra rettsmekling.
Stillinga medfører reiseaktivitet og du må rekna med å delta i både digitalt og fysisk saksarbeid ved alle rettsstadane i domstolen. Noko tilpassing er likevel mogeleg, til dømes ut frå livssituasjon.
Domstolen har eigne tenestebilar som du disponerer ved feltarbeid. Det er difor eit krav at du har førarkort for bil. Køyre- og kostgodtgjersle blir gitt etter staten sine reiseregulativ.
Kven er du?
Me ønskjer i utgangspunktet at du har 3-årig høgskuleutdanning innan landmåling og eigedomsdesign. Anna relevant utdanning kan også vera aktuell, særlig utdanning innan fagfelta GIS, landmåling, kartfag, eigedomsfag, tingsrett eller skogfag.
Det vert lagt vekt på god forståing i landmåling, GIS, tingsrett og eigedomsfag. I tillegg vert det lagt vekt på evne og interesse for generell konfliktløysing og rettsmekling. Det er vidare ein fordel med kunnskap innan jordskifte og rettsprosess. Det er også ein fordel med erfaring i bruk av GNSS-utstyr til RTK-måling og GIS-verktøy (ArcGis) som vert nytta av jordskifterettane.
Du må ha gode samarbeidsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Det vert lagt vekt på at du kan arbeida sjølvstendig, er allsidig og lærevillig. Du må yta service og opptre på ein objektiv og kontakt- og tillitsskapande måte ovanfor partane i jordskiftesakene. Me føreset at du kan kommunisera godt munnleg og skriftleg på norsk, og at du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte. Menneskekunnskap og ein god dose nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane i sakene våre har ikkje advokat og representerer seg sjølve, noko som krev at vi gjev ekstra rettleiing og har eit folkeleg språk.
Ferdigheitar i bruk av digitale verktøy blir vektlagt. Me ynskjer heile tida å betra domstolen sine digitale løysingar og rutinar. Du vil få høve til å vera bidragsytar i dette arbeidet. Stillinga inneber feltarbeid, som også betyr at det kan bli nokre lange dagar til dels i krevjande terreng. Dette føreset at du har normalt god fysisk helse.
Kva tilbyr me?
I tillegg til samfunnsoppdraget vil du få ein jobb som er variert nok til at du kan bruka innesko, støvlar, ein nystråken bluse/skjorte og allværsjakka på éin og same dag.
Stillinga innebærer:
- utfordrande arbeidsoppgåver
- godt arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
- du vil læra mykje nytt! Me er opptatt av å utvikla din kompetanse
- nasjonale og regionale fagsamlingar og godt nettverk
bruk av nytt teknisk utstyr - fleksible ordningar for fri, avspasering og mogelegheit for trening i arbeidstida
- tittel avdelingsingeniør eller overingeniør og lønn etter Hovudtariffavtalane i staten med konkurransedyktige vilkår og ein av marknadens beste pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
- trygg arbeidsplass innenfor statens rammer og avtaleverk
Deler av arbeidet foregår på kontoret og andre deler i storslåtte naturomgjevnadar.
Om oss
Domstolane er den tredje statsmakt. Norge har 49 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Du kan lesa meir om jordskifterettane på www.domstol.no.
Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeidar med omforming av eigedommar, organiserer felles bruk av eigedommar, klarlegg rettstilhøve og grenser til fast eigedom, og ei rekke skjønn.
Domstolane sitt arbeid er avgjerande for at me har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og myndigheiter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektera våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hjå oss kan kvar og ein få avgjort si sak, satt strek og koma seg videre.
Med vår rolle følger eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåvirka av myndigheiter eller press frå andre miljø. Med komplekse juridiske problemstillingar brukar me tid på å djupdukka ned i jussen. Arbeidskvardagen er dessutan prega av variasjon. Ein dag er me ute på synfaring eller fastset grense, ein annan dag leiar me retten eller er på kontoret og skriv dom, eller utformar kart. Med
andre ord trivst me i både støvlar og sko.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sogn og Fjordane jordskifterett orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Me oppmodar kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søka jobb hjå oss, og til å kryssa av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på www.dfo.no. Me gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen vi har fått innan søknadsfristen. Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Sørg for at søknaden din tydeleg syner korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er skildra i annonsa. Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handtert i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lesa meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon. Me utarbeider offentleg søkarliste og viser til offentligheitslova § 25, andre ledd, for høve til å bli unntatt fra denne. |
Webside | |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | SOGNDAL (Adresse: Hovevegen 4 Postnr: 6856) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-11-2024 |