Stillingsbeskrivelse
Published 05-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Industrisnekkar – avdeling Innreiing
Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og som ynskjer å utvikle og skape resultat saman med oss. Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing, og ein blir ein del av eit godt fagmiljø.
Intervju vert gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil kunne innebere:
- Isolering
- Montere baderomsmodular
- Montere veggar/tak
- Montere dører
- Montere møblement og lister
- Tynnplatekledning
Kvalifikasjonar og erfaring
Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrisnekkar/møbelsnekkar. Relevant erfaring frå innreiingsarbeid/tynnplatekledning på skip kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring frå golvlegging (flytavretting, flislegging og belegg) er ønskeleg, men ikkje eit krav.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Verdiane våre – å engasjere, innovere og avansere – bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring ifrå Ulsteinvik.
Kontaktinformasjon
Øyvind Flø, Supervisor, 94874672, oyvind.flo@ulstein.com
Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, stig_b.slettebakk@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 4882080356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ulstein Verft AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. |
Webside | http://www.ulstein.com |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Tømrer og snekker |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |