Idrettspedagog, vikariat 100%, frå 01.02. – 31.08.2025 – Rehabiliteringssenteret AiR AS

Education Grunnskole

(1 dag siden)

  • RAULAND
  •  Lagt til dato: 7. januar 2025
  •  Expire date: 20. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 07-01-2025
Deadline: 20-01-2025

 

Idrettspedagog, vikariat 100%, frå 01.02. – 31.08.2025

Vår profesjon:

AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at deltakarar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.

AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

Me ser etter desse kvalifikasjonane:

  • Søkjarar må ha minimum 3-årig relevant bachelorutdanning; interesse og erfaring frå idrettsfagleg arbeid og gjerne erfaring frå helsevesen eller tilsvarande

  • Gjerne erfaring med komplekse problemstillingar tilknytt helse og arbeid

  • God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande tverrfagleg miljø

  • Interesse for undervising og gruppeprosessar, gjerne pedagogisk bakgrunn

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Vilje til å gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Arbeidsoppgåver:

  • Leie variert fysisk aktivitet med eit pedagogisk utgangspunkt (til dømes trening i sal, friluftsliv, basseng og spinning)

  • Individuell rettleiing, undervising og tilrettelegging i grupper

  • Bidra med observasjonar inn i det tverrfaglege teamet

  • Gjennomføre kartlegging – og oppfylgingssamtaler

  • Kontaktperson

  • Kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte

  • Formidle kontakt med lokale frisklivstiltak i deltakarars heimemiljø

Me tilbyr:

  • Ein interessant og triveleg arbeidsplass, med stor aktivitet og engasjement

  • Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.

  • Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering

  • Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30

  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

  • Hjelp til å skaffe møblert bustad

For meir informasjon, kontakt:

Leiar klinikk, Siri Mørch på tlf. 474 63 408, e-post siri.morch@air.no

Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Rehabiliteringssenteret AiR AS orgnr: 872155252
Kort om arbeidsgiver

Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 85 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Senteret har to klinikkar, ein i Rauland og ein poliklinikk i Oslo. Stillinga er ved klinikken i Rauland.

Webside https://www.rehabilitering.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted RAULAND (Adresse: Haddlandsvegen 20 Postnr: 3864)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fe1325bc-0408-437d-874b-8bf62f4b4a4c
Stillingsregistrering