Stillingsbeskrivelse

Published 20-03-2025
Deadline: 13-04-2025

ID 990 Avdelingsleiar 100% stilling ved Fitjar bu-og behandlingssenter, somatisk avdeling

Fitjar bu-og behandlingssenter, somatisk avdeling har ledig stilling som avdelingsleiar/sjukepleiar

Me søkjer ein engasjert og dyktig avdelingsleiar til vår somatiske avdeling. Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for å leie og utvikle eit tverrfagleg team, samt sørge for at avdelinga leverer tenester med høg kvalitet til våre pasientar. Du vil også vere ein sentral bidragsytar i den vidare utviklinga av avdelinga, med fokus på effektivitet, kvalitet og pasienttryggleik.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing og utvikling av somatisk avdeling, herunder personalansvar og ressursforvaltning

  • Sikre at tenestene som vert levert, held høg kvalitet og er i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer

  • Delta i strategisk planlegging og utvikling av avdelinga

  • Vere ein pådrivar for eit godt arbeidsmiljø og høg medarbeidarnøgdheit

  • Følgje opp økonomiske rammer og budsjetter for avdelinga

  • Ivareta samarbeidet med andre avdelingar og eksterne aktørar

  • Ha ansvar for rapportering og dokumentasjon knytt til avdelinga

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sykepleie.

  • Leiarutdanning eller relevant erfaring frå leiing

  • Erfaring frå somatisk helsearbeid.

  • Gode leiareigenskapar og evne til å motivere og utvikle teamet ditt

  • Kjennskap til økonomistyring og ressursforvaltning

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Kjennskap til turnusplanlegging og ressursforvaltning

  • Evne til å handtere utfordringar på ein konstruktiv og løysingsorientert måte

  • God kjennskap til helse- og omsorgstjenestelova og andre relevante lovverk

Vi tilbyr:

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon

  • Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer

  • Konkurransedyktige betingelsar

  • Du vil få stillingskode 7458 for leiar med særaldersgrense då ein og deltar i pasientnært arbeid.

Me ser fram til å høyre frå deg

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar Bu- Og Behandlingssenter Somatisk Avdeling orgnr: 975319733
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.

Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.

Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)

www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/40c1d51c-6bf5-4186-ad96-e272d9a9e1e1
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31