ID 987 Rektor 100% stilling ved Øvrebygda skule – Øvrebygda Skule

Education Ledere av undervisning og utdanning

(20 timer siden)

  •  Lagt til dato: 12. mars 2025
  •  Expire date: 6. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 12-03-2025
Deadline: 06-04-2025

ID 987 Rektor 100% stilling ved Øvrebygda skule

Ledig rektorstilling ved Øvrebygda skule

Frå 01.08.2025 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Øvrebygda skule. Skulen ligg i landlege omgjevnader ca. 8 km frå Fitjar sentrum. Skulen er bygt ut i fleire etappar og har eigne avdelingar for små- og storskule. Skulen har dette skuleåret vore ein tredelt barneskule med 34 elevar frå 1.-6. trinn skuleåret 2024/2025.

Skulen skal no i ein omstillingsprosess kor ein skal byggje opp eit oppveksttun med friluftsprofil for både barnehage og skule. Skulen skal frå skoleåret 2025-26 vera ein todelt 1.- 4. trinnsskule med om lag 26 elevar. Ny rektor vert sentral i utforming av oppveksttunet kor det er ønskjeleg å ha fokus på fysisk aktiv læring og friluftsliv. Barnehagedelen er planlagt open frå skuleåret 2026-27, og barnetalet vil då vera på rundt 50. Rektor vert einingsleiar både for skule og barnehage.

Me søkjer ein engasjert, dyktig og inspirerande rektor som kan leia skulen vidare i omstillingsprosessen. Rektor er verksemdsleiar og har delegert personal-, økonomi- og resultatansvar. Kommunalsjef for oppvekst og kultur er rektor sin næraste leiar. Me ser etter ein motivert person som vil vera pådrivar og inspirasjonskjelde i utviklingsarbeidet på skulen og i kommunen, og som vil vera med på å forma framtidas skule på Øvrebygda. Ein som strekk seg etter å stimulera barn si nysgjerrigheit, lærelyst og meistringsglede gjennom tilrettelagd, utforskande og praktisk undervisning og leik.

Som rektor vil du ha ansvar for følgjande arbeidsoppgåver:

  • Leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats for elevane sitt læringsutbyte.

  • Sikra god elevmedverknad og eit inkluderande læringsmiljø.

  • Driva skuleutvikling og leia skulen sitt satsingsområde og faglege profil.

  • Samarbeida tverrfagleg om barna sitt oppvekstmiljø.

  • Forvaltning og kvalitetsutvikling.

  • Økonomistyring og resultatoppfølging.

  • Samhandla med elevar, føresette og andre aktørar for å skapa eit godt læringsmiljø.

  • Bidra til eit inkluderande og trygt skulemiljø.

Me søkjer deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan pedagogikk.

  • Praksis som lærar, gjerne med friluftsliv i fagkrinsen

  • Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller leiarutdanning.

  • Evne til å motivera og inspirera både elevar og personalet.

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

  • Kjennskap til skulen sin rammeplan og gjeldande lover og forskrifter.

  • God IKT-kompetanse.

  • Interesse for, og helst erfaring med fysisk aktiv læring.

Fitjar kommune ønskjer at rektorar i kommunen skal ha formell kompetanse i skuleleiing på minst 30 studiepoeng. Me forventar at den som blir tilsett, oppfyller dette kravet, eller etter nærare avtale skaffar seg slik kompetanse.

Me legg vekt på følgjande personlege eigenskapar hos søkjar:

  • Engasjement for elevane sine resultat og trivsel.

  • Fleksibilitet og evne til å handtera utfordringar på ein konstruktiv måte.

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.

  • Gode mellommenneskelege ferdigheiter.

  • Positiv haldning og evne til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

  • Eit varmt og inkluderande menneskesyn.

Me kan tilby:

  • Ei spennande leiarstilling i ein kommune som legg vekt på utvikling og kvalitet i skulen.

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, ikkje minst med tanke på å vera med å byggje eit unik tilbod med vekt på friluftsliv og fysisk aktiv læring.

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.

  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og pensjonsordningar.

Fitjar kommune praktiserer likestillingspolitikk og ønskjer søkjarar uavhengig av kjønn, alder og bakgrunn.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst og kultur, André Sæthre, på tlf. 400 43 230.

Me ser fram til å motta din søknad!

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øvrebygda Skule orgnr: 875281372
Kort om arbeidsgiver

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 06-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ca24bf5-b589-4363-94cc-bb26c73b8960
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31