ID 969 Fritidskontaktar – Fritidskontakt i Fitjar kommune

Education Barnehage og skolefritidsassistenter

(3 dager siden)

  •  Lagt til dato: 30. desember 2024
  •  Expire date: 3. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 30-12-2024
Deadline: Snarest

 

ID 969 Fritidskontaktar

Har du litt tid til overs – og ynskjer å gjera noko verdifullt for andre?

Me har til ei kvar tid behov for fritidskontaktar. Som fritidskontakt bidreg du til at born, unge eller vaksne spesielle behov og behov for støtte til å ei aktiv og meningsfull fritid.

Ein fritidskontakt er en brubyggjar til sosial aktivitet, deltaking og integrering.

Våre tenestemottakarar er born, ungdom, vaksne og eldre med ulike interesser. Me har difor behov for fritidskontaktar av begge kjønn i ulik alder og med ulike interesser.

Arbeidet vil variera i art og omfang frå oppdrag til oppdrag. Eit oppdrag er gjennomsnittleg 3-5 timar pr veke. Fritidskontaktar er oppdragstakarar for Fitjar kommune.

Me har behov for fritidskontaktar individuelt og eventuelt for gruppe.

Dersom det let seg gjere, vil me forsøka å koble saman fritidskontakt og tenestemottakar/gruppe ut frå felles interesser. Det er difor fint om du skriv litt om interessene dine i søknaden.

Er du tilsett i ei 100% stilling frå før, er student eller pensjonist, kan du likevel vera fritidskontakt.

Søknadar vert vurdert fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for at tenestemottaker får moglegheit til meir aktiv og meiningsfull fritid som t.d delta på ulike fritidsaktivitetar og kulturarrangement.

  • Bidra til at tenestemottakar får nye opplevingar og eventuelt hjelp til å byggje eige nettverk.

  • Finne egna fritidsaktivitetar med bakgrunn i tenestemottakar sine interesser og behov. Døme på aktivitetar kan vere gåturar, kafé besøk, svømmehall, trening, konsert, spel, dataspel. Me kan også sjå om det let seg gjere å få til aktivitetskveld saman med andre tenestemottakarar.

  • Motivera til å utforska nye aktivitetar i trygge rammer.

  • Motivera og tilretteleggja for deltaking saman med andre.

Kvalifikasjonar

  • Du likar å vera aktiv, ynskjer å kunne bidra til at andre får gode opplevingar og variasjon i kvardagen

  • Du er god til å byggje relasjonar

  • Det er veldig fint om du har førarkort og disponerer bil, men det er ikkje eit krav (fint om du skriv i søknaden om du har førarkort)

  • Det er viktig at du er pålitelig og held avtalar

  • Det er ikkje krav til at du har nokon formell utdanning. Personlige egenskaper og erfaring vert vektlagd.

  • Du må ha gode språkkunnskapar

  • Politiattest må visast ved eventuelt tilbod om oppdrag

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ynskje og er motivert til å sette av 3-5 timer pr veke til å vera fritidskontakt

  • Du har interesse og romslighet overfor andre mennesker og har eit ynskje om å gjera noko verdifullt for andre

  • Du har fylt eller fyller snart 18 år

  • Du er fleksibel

  • Du er trygg på deg sjølv, kan setje grenser og vera profesjonell i rolla di som fritidskontakt

  • Me leitar etter deg som er positiv og flink til å motivere

  • Du er raus og kreativ

  • Det er viktig at du kan utføra oppdraget over lengre tid, minimum 1 år

Me tilbyr

  • Oppdrag 3-5 timer pr veke kor du kan vera med å gjere ein forskjell for andre.

  • Varierande dagar – ingen dag er lik

  • Individuell vegleiing

  • Betaling etter KS sine lønstariffsatsar samt utgiftsdekning

Det er fint om du skriv litt i søknadsskjemaet om motivasjonen din for å bli fritidskontakt. Det er også fint om du skriv noko om kva for aldersgruppe du ynskjer å vera fritidskontakt for (born, ungdom, vaksne eller eldre).

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fritidskontakt i Fitjar kommune orgnr: 986534288
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her

Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.

Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)

www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland – les meir om regionen her.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/32fc91f2-e642-4728-833f-b19738b276fa
Stillingsregistrering