ID 965 Landbruksrådgjevar, 100% fast stilling – FITJAR KOMMUNE

Natur og miljø Jordbruk og dyrehold

(2 uker siden)

  •  Lagt til dato: 7. november 2024
  •  Expire date: 28. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-11-2024
Deadline: 28-11-2024

 

ID 965 Landbruksrådgjevar, 100% fast stilling

Fitjar kommune søkjer etter landbruksrådgjevar

På den nyoppretta eininga Forvaltning innan Samfunnsutvikling og drift er det no ledig ei rådgjevarstilling. Eininga har seks tilsette, og har ansvaret for sakshandsaming hovudsakeleg innanfor fagfelta plan, byggjesak, kart og oppmåling, natur og miljø, forureining og landbruk. Me sel også tenester til Austevoll kommune innanfor landbruk og miljø.

Den ledige rådgjevarstillinga vil vera knytt til landbrukssaker.

Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Stillinga krev litt reising i Fitjar og Austevoll i samband med synfaringar og møte. Administrasjonsmålet er nynorsk.

Arbeidsoppgåver:

  • Handsaming av saker etter jordlova og konsesjonslova

  • Handsaming av søknadar om tilskotsordningar i landbruket, m.a. produksjonstilskot

  • Handsaming av søknadar om nydyrking og bakkeplanering

  • Markslagsvurderingar og føring av landbrukskartbasen AR5

  • Høyringsuttaler, spesielt knytt til byggje- og plansaker

  • Handsaming av miljø- og forureiningssaker og utsleppssøknadar

  • Rettleiing og kontakt med publikum og næringa

Fitjar kommune er ein liten organisasjon, og den som vert tilsett må rekna med å ta del i saker knytt til tilgrensande fagfelt. Me forsøker å fordela arbeidsoppgåvene mellom dei tilsette etter interesse og kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Relevant høgare utdanning, t.d. landbruksfag, natur- og miljøfag, jus eller liknande

  • Kjennskap til aktuelt regelverk for landbruks- og miljøforvaltning er ein føremon

  • Manglande utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast med relevant arbeidserfaring

  • Erfaring med digitale kartverktøy er ein føremon

  • Kjennskap til offentleg forvaltning er ein føremon

  • Vilje og evne til å læra seg dei delane av faget du ikkje har kjennskap til frå før

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg

  • Førarkort i klasse B og eigen bil

  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verta vektlagde.

Me kan tilby:

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde.

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.

  • God offentleg pensjonsordning i KLP

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med etatssjef for Samfunnsutvikling og drift, Louise Pettersen, tlf. 415 77 063.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FITJAR KOMMUNE orgnr: 974575795
Kort om arbeidsgiver

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Webside https://www.fitjar.kommune.no
Bransje Natur og miljø
Yrke Jordbruk og dyrehold
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 28-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/23308f2a-a6a3-4c53-a43a-dcc278110f4c
Stillingsregistrering