ID 964 Einingsleiar Forvaltning i etat for samfunnsutvikling og drift – Fitjar Kommune Plan- Og Miljøavdelingen
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(12 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 04-12-2024
Deadline: 22-12-2024
ID 964 Einingsleiar Forvaltning i etat for samfunnsutvikling og drift
Fitjar kommune treng ny einingsleiar for Forvaltning i etat for samfunnsutvikling og drift
Fitjar kommune søkjer ein engasjert og kompetent einingsleiar for den nyoppretta forvaltningsavdelinga til etaten Samfunnsutvikling og drift.
Eininga for forvaltning har ansvaret for sakshandsaming hovudsakeleg innanfor fagfelta plan, byggjesak, kart og oppmåling, natur og miljø, forureining og landbruk. Me sel også tenester til Austevoll kommune innanfor landbruk og miljø.
Totalt har avdelinga seks tilsette. Einingsleiaren vil verta del av leiargruppa for Samfunnsutvikling og Drift, og vil rapportera til etatssjefen.
Fast kontorstad for stillinga er Fitjar rådhus. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sentrale arbeidsoppgåver
-
Dagleg leiing av forvaltningseininga med fag-, økonomi- og personalansvar
-
Sakshandsaming innan kontoret sine fagområde
-
Fylgja opp avtalen med Austevoll kommune om sal av landbruks- og miljøtenester
-
Fagleg rådgjeving og utvikling
Som einingsleiar vil du få ansvar for å leia det daglege arbeidet på avdelinga, med oppfylging av pågåande saker og samarbeid med dei tilsette på eininga. Eininga er nyoppretta etter at avdeling for landbruk og avdelinga for plan og utvikling er slått saman. Som einingsleiar skal du difor leia arbeidet med å få den nye eininga til å fungera godt, og leggja til rette for godt samarbeid på tvers av faga. God koordinering av dei ulike fagområda vil vera sentralt i fleire sakstypar.
Fitjar er ein stor landbrukskommune, og me ynskjer å vera ein god rådgjevar for landbruksnæringa. Me skal og levera gode landbrukstenester til Austevoll kommune. Som einingsleiar vil du få ansvaret for å leggja til rette for dette.
Einingsleiaren inngår i leiargruppa til Samfunnsutvikling og drift. Det inneber deltaking i større og overordna oppgåver på etaten, både innan kommunen sine investeringsprosjekt, organisasjonsarbeid og samarbeid dei andre einingane om pågåande saker.
Kvalifikasjonar for stillinga
-
Relevant høgare utdanning innan eininga sine ansvarsområde, t.d. landbruksfag, fysisk planlegging, jus, master i eigedom/jordskiftekandidat, eller natur- og miljøforvaltningsfag.
-
God kjennskap til fleire av eininga sine saksfelt. Erfaring frå offentleg sakshandsaming og vedtaksprosessar er ein føresetnad
-
Evne, vilje og interesse for å setja deg inn i dei delane av fagfelta og regelverka som du ikkje kjenner frå før
-
Evne til å leia og skapa tillit og samarbeida med andre
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
-
Førarkort i klasse B og disponera bil
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil verta vektlagde.
Me kan tilby
-
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
-
God offentleg pensjonsordning i KLP
-
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare info om stillinga ta kontakt med etatssjef for Samfunnsutvikling og Drift Louise Pettersen, tlf 415 77 063.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fitjar Kommune Plan- Og Miljøavdelingen orgnr: 974575795 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer. Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling. Les meir om kommunen og stillinga på https://fitjar.kommune.no |
Webside | https://www.fitjar.kommune.no |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 22-12-2024 |