Stillingsbeskrivelse

Published 28-06-2024
Deadline: Snarest

 

ID 933 Helgestilling i eining for habilitering – 16,9 % fast

Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter fleire som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Du er positiv, initiativrik, likar å vera aktiv . Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg.

Me treng deg som:

  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Er stabil og påliteleg
  • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
  • Legg til rette for aktivitet, trivsel og meistring
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevne

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagarbeidar/miljøterapeut/student
  • Førarkort klasse B, manuell gir
  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar

Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Offentlig tenestepensjon i KLP

Søknadsfrist snarast, innkalling til intervju fortløpande.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Havahuset Bu- Og Servicesenter Psykisk Utviklingshemma orgnr: 974575701
Kort om arbeidsgiver

Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt blant anna heildøgns omsorgsteneste i 3 bustadar og eit dagtilbod.

På Havnahuset eining for habilitering bur det for tida 7 vaksne menneske som har ulike hjelpebehov i kvardagen. Arbeidsoppgåvene vert å følgje opp bebuarane i kvardagen med alle daglege gjeremål dette inneber. Oppfølging av tiltaksplan, medisinansvar, koordinator. I kvardagen føl me med bebuarane som skal på dagtilbod, og jobbar her ilag med bebuarane, med ulike praktiske oppgåver. Sjå gjerne facebook sida vår til Bakken dagtilbod for å sjå alt det flotte som vert laga der!

Webside https://www.fitjar.kommune.no/ledige-stillingar.425311.nn.html
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d2634d5c-66b3-46b7-8e75-5a9f4203333f
Stillingsregistrering