Stillingsbeskrivelse

Published 02-09-2024
Deadline: Snarest

 

ID 911 Sjukepleiar 100 % fast stilling ved Fitjar bu- og behandlingssenter

Ved Fitjar bu- og behandlingssenter har me ledig 100% fast stilling for sjukepleiar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.

Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Ledig stilling er ved skjerma avdeling.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort kl.B
  • Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
  • Gode norsk kunnskaper
  • Godkjend politiattest
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
  • Løn etter tariffavtale for kommunal sektor
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Opplæring og rettleiing.

Søknadsfrist:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju fortløpande

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

Fitjar kommune Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer. Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Registrer søknad her: Ledig stilling – søknad – Fitjar kommune (skjema.no)

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar:

Olav Sande tlf: 936 09 390.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fitjar Bu- Og Behandlingssenter Somatisk Avdeling orgnr: 975319733
Kort om arbeidsgiver

Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar. Tenestekontoret har ansvaret for å forvalta dei kommunale helse- og omsorgsstenestene. Det vil seie at sakshandsamar tek imot søknader, greier ut saka og førebur saker for inntaksnemda sine møte.

Institusjonen har 25 plassar, og tilbyr følgjande tenester:

  • Langtidsopphald
  • Korttidsopphald
  • Avlasting
  • Rehabilitering
  • Palliasjon

Det er 2 avdelingar/grupper på institusjonen

Gruppe 4 – Demensomsorg: 11 plassar

Gruppe 2 – Somatisk avdeling: 14 plassar (4 plassar er kortidsplassar og 10 er langtidsplassar)

Webside https://www.fitjar.kommune.no/institusjon.442875.nn.html
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/125e0903-d3ea-42d0-a855-1539077d4bf4
Stillingsregistrering