ID 2261 Fagsjef for samferdsel – Stord kommunalteknikk – Stord kommune
Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting(7 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025
ID 2261 Fagsjef for samferdsel – Stord kommunalteknikk
Tekniske tenester si vegavdeling sitt føremål er utbygging, drift og vedlikehald av veganlegg i Stord kommune. Trafikksikring og parkering er også eininga sitt ansvar.
Det er leidig fast 100% stilling som Fagsjef for samferdsle
Sentrale oppgåver:
-
Representera vegeigar og utøva forvaltningsansvar for alle kommunale vegar, parkeringsanlegg, turvegar og i trafikksikringsarbeid
-
Ha ansvar for kommunal trafikksikringsplan og vera pådrivar for trafikksikringsarbeid
-
Ta del i utarbeiding av drifts- og investeringsbudsjett for veg og parkeringsanlegg
-
Økonomioppfølging og rapportering til einingsleiar
-
Arbeida aktivt for finansiering av tiltak innan fagområdet, mellom anna stønadssøking
-
Ansvar for mindre prosjekt
-
Vera pådrivar for HMT
Stord kommunal teknikk ynskjer å tilsette folk som:
-
Har høgskule/universitets-utdanning innan kommunaltekniske fag, eller anna relevant utdanning og erfaring
-
Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig
-
Er kostnadsbevisst og ynskjer å stå på for arbeidsplassen sin
-
Er faglig flinke, evnar å utvikla seg innan arbeidet sitt og er nytenkjande
-
Er resultatorientert
-
Har røynsle med IKT-verkty og ser potensiale i desse
-
Har førarkort for bil
Ved tilsetjing vert personelege eigenskapar vektlagt. Nyutdanna vert oppmoda om å søkja.
Me kan tilby:
-
Varierande arbeidsoppgåver
-
Ryddig arbeidstid
-
Eit godt og uformelt arbeidsmljø der HMT vert vektlagt
-
Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Løn og arbeidsvilkår etter avtale.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar, kontakt einingsleiar Arne Bjelland tlf. 975 52 037
DIVERSE INFO