ID 2252 Vernepleiar – Eining for habilitering – Stord kommune

Health and social care Vernepleier

(7 timer siden)

  •  Lagt til dato: 16. oktober 2024
  •  Expire date: 5. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 16-10-2024
Deadline: 05-11-2024

 

ID 2252 Vernepleiar – Eining for habilitering

Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming med. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.

Studalen sin visjon er; Gode relasjonar skapar trivsel og meistring. Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje. Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.

Eining for habilitering har ledig vikariat for vernepleiar i Studalen bufellesskap frå snarast og til 31.08.25. Stillinga er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg.

Arbeids- og ansvarsområde:

Vernepleiar/sjukepleiar skal ha fagleg ansvar i avdelinga

  • Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse

  • Ansvar for å evaluera mål og tiltak

  • Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring

  • Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og tilretteleggja miljøarbeid utifrå desse

  • Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.

  • Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet

  • Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak

  • Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert vernepleiar, autorisert sjukepleiar kan vurderast.

  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt, trimrom og utleige av tilhengar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 05-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/008c736f-7b1a-4831-af6e-87537dcc5431
Stillingsregistrering