ID 2251 Pedagogisk-psykologisk rådgjevar – Førebyggjande tenester – Stord kommune
Health and social care Psykolog(6 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-10-2024
Deadline: 10-11-2024
ID 2251 Pedagogisk-psykologisk rådgjevar – Førebyggjande tenester
PPT har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Kompetanseløft for <
Me ønsker oss ny medarbeidar som kan bidra til samarbeid og støtte til skulane og barnehagane for å gje eit inkluderande opplæringstilbod.
Me søkjer etter pedagogisk-psykologisk rådgjevar, i fast 100% stilling.
Eininga er i ein omorganiseringsprosess, noko som kan gjer at innhaldet i stillinga kan verta noko endra i oppgåve og ansvar. Dette vil vera avklart før endeleg tilsetting i stillinga.
Oppgåvene i PP-tenesta er:
-
Utvikling og endringsarbeid i barnehagar/skoler
-
Sakkunne arbeid etter opplæringslova/ barnehagelova
-
Konsultasjonar, veiledning og rådgjeving
-
Observasjon, kartlegging og utredning av barn og unge
-
Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre hjelpeinstansar
-
Fast kontaktperson i barnehage og/eller skule
**Me ser etter ein fagperson med fylgjande kvalifikasjonar: **
-
Master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda
-
Erfaring med arbeid i barnehage og/eller i grunnskulen
-
Erfaring og kompetanse med rådgjeving og rettleiing er ei føremon
-
Interesse og/eller erfaring med utviklings- og endringsarbeid
-
Systematisk og sjølvstendig
-
Jobbar godt saman med andre
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Noko reiseverksemd mellom våre tre kommunar må påreknast, så førarkort er naudsynt.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415
DIVERSE INFO