Stillingsbeskrivelse

Published 12-08-2024
Deadline: 30-11-2024

 

ID 2238 Traineestillingar for autoriserte sjukepleiarar og vernepleiarar – RHO einingane

Stord kommune har starta i år opp med Trainee-stillingar for nyutdanna sjukepleiarar og vernepleiarar. Ordninga gjeld også for sjukepleiarar/vernepleiarar som vart utdanna i 2022 – eller for kortare tid sidan. Stord kommune har som mål at ein slik stilling skal gjera deg som nyutdanna, godt rusta til helsetenester som pasientar og brukarar treng i kommunen vår.

Det er ledig 5 x 100% traineestillingar for Autoriserte sjukepleiarar og vernepleiarar.

Stillingane går over to år i einingar innan Rehabilitering, helse og omsorg (RHO). Når du er ferdig med Trainee-perioden på to år er du sikra 100 % fast stilling i Stord kommune, eining for RHO.

Aktuelle einingar som ordninga omfattar er vist under. Desse einingane er organisert i ulike avdelingar.

  • Stord sjukeheim

  • Knutsaåsen omsorgssenter

  • Heimebaserte tenester

  • Eining for rus og psykiatri

  • Eining for habilitering

Arbeids- og ansvarsområde:

I ei Trainee-stilling skal du jobba i tre ulike einingar. I kvar av desse einingane skal du vera tilsett i åtte månader. Du vil få tilbod om hospitering i andre einingar/avdelingar i RHO, slik at du får eit overblikk over kva jobbmoglegheiter ein har i Stord kommune. Slik hospitering kan variera frå ein dag til eit par veker, alt etter kva avdeling eller område ein deltar i.

Døme på hospitering over ein eller to dagar kan vera å sjå korleis rutinar og saksgang på tildelingskontoret fungerer. Eller å få innblikk i korleis dagrehabilitering og kontakt med fysio- eller ergoterapeut går føre seg. For meir informasjon om einingar som vist over, sjå Stord kommune si heimeside Heim – Stord kommune ,eining for Rehabilitering, helse og omsorg (RHO)

I tilknytning til Trainee-stillingane er det eit ressursteam som består av avdelingsleiar for fellesfunksjonen, fagutviklingssjukepleiar og avdelingsleiar i den aktuelle avdelinga du er i.

Som Trainee-tilsett blir du med i eit program som inneheld årshjul for fagsamlingar, hospitering og rettleiing. Tema på fagsamlingane vil spegla mykje av kva tilsette i kommunehelsetensta treng kunnskap, opplæring og tryggleik i. Ein legg også opp til samlingar med erfaringsutveksling og refleksjon saman med ressursteamet.

Ved eit eventuelt intervju er det mogleg for deg å ønskja tilsetjing i spesielle einingar. Trainee-ordninga føreset at det er ledige stillingar/vikariat i einingane. Ein kan difor ikkje lova at alle ønske blir innfridd, men ein vil prøva å koma søkjarane i møte med nokre av ønska.

Kvalifikasjonskrav:

  • Nyutdanna, autoriserte sjukepleiar eller vernepleiar med inntil 2 års erfaring.

  • Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må framleggas ved oppstart.

Me kan tilby:

  • Tett oppfølging av ressursteam

  • Fagsamlingar og utvikling

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon i KLP

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson:

Karin Toft avdelingsleiar for Traineeordninga- Godt rusta

Telefon 91 57 05 32. Mail karin.johansson.toft@stord.kommune.no

Britt Nelly Hystad Barane- einingsleiar Stord sjukeheim

Telefon 92 48 63 58. Mail Britt.Nelly@stord.kommune.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord kommune orgnr: 976672755
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted STORD (Adresse: Postnr: 5417)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 30-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/05e3a8fb-db2c-432c-8386-41ea2661372b
Stillingsregistrering