HR rådgjevar – 100 % fast stilling  – Alver kommune

Kontor og økonomi Personal arbeidsmiljo og rekruttering

(23 timer siden)

  • ISDALSTØ
  •  Lagt til dato: 13. november 2024
  •  Expire date: 26. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 13-11-2024
Deadline: 26-11-2024

 

HR rådgjevar – 100 % fast stilling 

Om stillinga:

Ønskjer du å vere ein viktig bidragsytar for at vi kan løyse samfunnsoppdraget vårt? 
Vi har ei nyoppretta stilling som HR-rådgjevar og treng deg som vil vere med å byggje Alver kommune for framtida!

Vi tilbyr ein spennande stilling i eit arbeidsmiljø som er prega av høg fagleg kompetanse, stor vilje til å levere HR-tenester og som samtidig er fokusert på å utvikle og forbetre prosessar innan HR, løn og digitalisering. Stillinga gjer deg moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter og kompetanse innan fagområdet.

Vi søker deg som har engasjement for HR og som er opptatt av gode leveransar og systematisk forbetringsarbeid. Du vil bli gitt stor grad av tillit og må være sjølvstendig, men kunne samarbeide godt med kollegaer og dele erfaringar.

 

 

Arbeidsoppgåver:

Hos oss får du vere med på å forme framtidas arbeidsplass! Som HR-rådgjevar vil du få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og styrke organisasjonen gjennom ei rekkje varierte og meiningsfulle oppgåver:

  • Rekruttering: 
    Du vil få ansvar for å drive heile rekrutteringsprosessen – frå å utforme stillingsannonsar til å finne dei rette kandidatane. Vi ser etter deg som evnar å sjå potensial i menneske og brenn for å tiltrekke og utvikle dyktige medarbeidarar som kan bidra til vår offentlege teneste.
  • Støtte og rådgiving for leiarar: Som HR-rådgjevar vil du vere ein viktig støttespelar for leiarane i organisasjonen. Du vil bidra med rådgiving om alle typar personalspørsmål, utvikling av arbeidsmiljø mv.. Her får du høve til å byggje gode relasjonar og vere ein påliteleg sparringspartnar for leiarane våre.
  • Forbetring og utvikling av HR-prosessar: Vi ønskjer å effektivisere og modernisere våre HR-prosessar, og du vil ha ei viktig rolle i å utvikle og digitalisere alt frå medarbeidaroppfølging til lønnsprosessar og interne system. Vi ser etter deg som har eit blikk for forbetringar og ønskjer å skape løysingar som gjer kvardagen enklare for alle tilsette.
  • Organisasjonsutvikling og omstilling: Du vil få moglegheit til å jobbe systematisk med organisasjonsutvikling og bidra til at vi som arbeidsplass held oss relevante og framtidsretta. Du vil spele ei viktig rolle i endringsprosessar og bidra til å styrke organisasjonen sitt arbeid med omstilling.

Hos oss vil du få moglegheita til å påverke og vere ein del av eit dynamisk HR-miljø som jobbar for å skape ein attraktiv arbeidsplass og levere gode offentlege tenester.

Kvalifikasjonar

For å trivast og lukkast som HR-rådgjevar ser vi etter deg som har ein solid fagleg bakgrunn og praktisk erfaring innan HR. 
Du har gjerne utdanning på bachelor- eller masternivå innan HR, organisasjonspsykologi, leiing eller liknande relevante fagområde, men lang og relevant erfaring kan også kompensere for manglande formell utdanning.
Du har gjerne mellom to og fem års erfaring frå HR-arbeid, der du har bygd opp kompetanse innan personaloppfølging og utvikling. 
I tillegg har du god kjennskap til lov- og avtaleverk knytt til arbeidslivet, noko som vil vere viktig i arbeidskvardagen.

Vi ser spesielt etter deg som har erfaring frå omstilling og endringsleiing, då dette er eit område i vekst. Kompetanse innan løn og personaladministrasjon vil også vere ein fordel. Du har generelt god forståing for, og interesse i, bruk av digitale verktøy, og ser nytten av å bruke teknologi til å effektivisere HR-prosessane våre.

 

Personlege eigenskaper

  • Evne til å jobbe analytisk og strukturert i arbeidskvardagen
  • Du må like å yte god service og gje støtte og rådgivning til leiarar og tilsette i Alver kommune
  • Organisatorisk klok med gode mellommenneskelege egenskaper
  • God evne til å prioritere og arbeide under press
  • Du handterer ei hektisk kvardag, samstundes som du utviser god vurderingsevne og er engasjert.

 

Om HR avdelinga

HR-avdelinga i Alver kommune spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av våre menneskelege ressursar. Vi er stolte av å vere ein sentral støttespelar for våre tilsette, og vårt mål er å gjere arbeidskvardagen enklare og betre slik at vi saman kan løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte.

HR-avdelinga består av 10 engasjerte og dyktige medarbeidarar og held til på rådhuset i Knarvik. Kvardagen vår er både spennande og variert, med mange ulike oppgåver og utfordringar som vi handterer samtidig. Vi tilbyr ein allsidig arbeidsplass der ingen dag er den same, og der du får moglegheita til å vere med på å forme framtida til Alver kommune.

Kva kan vi tilby deg?

Hos oss får du moglegheit til personleg og fagleg utvikling gjennom spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har god pensjonsordning i KLP og tilbyr konkurransedyktig løn etter avtale. Hos oss er vi opptatt av at det skal vere ein god balanse mellom arbeid og fritid, og veit at mange ønskjer seg ein fleksibel kvardag. Det kan vi leggje til rette for!

Lurar du på korleis det er å arbeide på HR-avdelinga? Vil ønskjer å tilby ein omvendt referansesjekk for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Du vil få moglegheit til å stille spørsmål for å vurdere om vi er den rette plassen for deg.

Kontaktinfo referanse : 

HR rådgjevar –  oppvekst Katrhine S Brakstad tlf 95723687

HR Rådgjevar – helse Hilde B Kleivdal tlf : 48103412

HR rådgjevar – Helse Ingrid Gunnarson Thunes tlf: 40545745

Ta gjerne kontakt med HR leiar Kathrine Martinsen på telefon 40 23 97 34 om du har spørsmål.  

Vi er Alver

Om Alver kommune.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 41 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2a969ebc-fd2c-406b-9e86-10c682fc785c
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268204