HR, forvaltning og kvalitet – Øygarden kommune HR, forvaltning og kvalitet
Kontor og økonomi Personal arbeidsmiljo og rekruttering(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-12-2024
Deadline: 16-12-2024
HR, forvaltning og kvalitet
Om avdelinga:
Vil du vere med på å forme framtida til HR i kommunen?
HR, forvaltning og kvalitet er ei heilt ny eining som såg dagens lys i august i år, og har plass under kommunalsjefområdet organisasjon og beredskap. Her finn du HR- og HMS-avdelinga, og no er vi på jakt etter ein engasjert og dyktig medarbeidar som vil vere med på å utvikle og styrkje HR-arbeidet vidare. I denne spennande rolla får du moglegheita til å jobbe tett med alt frå kompetanseutvikling og rekruttering til personalprosessar som er heilt avgjerande for at kommunen skal vere rusta for framtida. Du vil vere med på å forme eit arbeidsmiljø der både tilsette og organisasjonen kan blomstre og utvikle seg.
Er du strukturert, har erfaring innan HR, og elskar å vere med på å bygge noko nytt?
Då er det deg vi ser etter! Vi tilbyr ein dynamisk arbeidsplass der du får påverke og utvikle viktige HR-prosessar – og kanskje det beste av alt: du får vere med på å gjere ein forskjell, både for dei som jobbar i kommunen, og for heile organisasjonen.
Arbeidsoppgåver:
- Kompetanseutvikling og rekruttering
- Generell leiarrettleiing og støtte i ulike personal-prosessar og endringsprosessar
- Sjukefråversarbeid
- Utarbeiding og vedlikehald av ulike HR rutinar og malverk
- Kursverksemd knytt til HR faglege tema
- Det kan vere aktuelt med andre oppgåver basert på behova som oppstår i organisasjonen
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Relevant utdanning på høgskule- eller masternivå (fortrinnsvis med fag innan HR, leiing, jus, organisasjonsutvikling, strategi). Solid og relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formalkompetanse
- Minimum fem års dokumentert erfaring frå HR- arbeid
- Hjelpe med andre oppgåver som ligg/vert lagt til eininga
Ønskjeleg med:
- Erfaring med ansvar for prosessar som sikrar involvering og medverknad
- Erfaring med å lage presentasjonar og gjennomføre opplæring
Personlege eigenskapar:
- Du er opptatt av å byggje og styrke relasjonar
- Fleksibel og open for varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Sjølvstendig og sjølvgåande
- Lagspelar
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar HR, forvaltning og kvalitet June Johannesen, mobil 48 13 29 38
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO