Homlagarden søker pakkerimedarbeider – Homlagarden As
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(22 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Homlagarden søker pakkerimedarbeider
Me søker pakkerimedarbeidar i 60-80% stilling til vårt fjørfeslakteri, til 1 fast stilling.
Arbeidsoppgåver
-
Produksjon og pakking av kylling og kalkun
-
Veging og merking av ferdige produkt
-
Delta i dei oppgåver som krevst i produksjonen, med rullering mellom stasjonar
-
For den rette søkar kan det også være aktuelt å ha overordna ansvar for pakkeriavdelinga
Arbeidstid
Me slaktar fast 1 dag i veka, med om lag 3 dagar pakking av kjøle- og frysevarer i etterkant. I høgsesong (juli, oktober og desember) slaktar me 2 dagar i veka, og overtid må påreknast i desse periodane. Arbeidsmengd varierar noko mellom sesongane, men vil være om lag 60-80% på årsbasis.
Faste arbeidsdagar stort sett mandag, tirsdag, og fredag jamnt heile året, men også arbeid utover dette ved behov. Ordinær arbeidstid er 07.30-15.00, men slutt-tid kan variere noko etter behov.
Ynskja kvalifikasjonar
-
Erfaring med å jobba fysisk i et miljø med fleire nasjonalitetar
-
Erfaring med pakking og logistikk er ein stor fordel
-
Erfaring frå logistikkarbeid i næringsmiddelindustrien og/eller dagligvare er ein fordel
-
Erfaring frå produksjon der reinsle, hygiene, og mattryggleik er viktig er ein fordel
Personlige egenskaper
-
Beherska norsk og/eller engelsk, muntleg og skriftleg
-
Ha god arbeidsmoral og lika å gje ein innsats i eit hektisk miljø med sesongvariasjonar
-
Trivst med fysisk arbeid, og ha god helse
-
Positiv haldning og gode samarbeidsevner i eit fleirkulturelt miljø
-
Pliktoppfyllande, sjølvstendig, punktleg og nøyaktig
-
God arbeidskapasitet
-
Fleksibel og positiv til å ta ansvar for nye oppgåver
Me tilbyr
-
Stabilt arbeid i eit positivt og variert miljø
-
Oppfølging og moglegheit for personleg og fagleg utvikling
-
Gode betingelsar
-
Ordna arbeidsforhold
Den som blir ansatt må gjennomgå selskapet si HMS- og hygieneopplæring. Tiltreding 1. mars eller tidligare ved høve.
Ved interesse ta kontakt, så gjer me utfyllande stillingsinformasjon.
Søknadsfrist 12. januar.
Kontakt: kristine@homlagarden.no / tlf 48464438
www.homlagarden.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Homlagarden As orgnr: 991881255 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Homlagarden driv økologisk sertifisert produksjon av kylling og kalkun, der me sjølve står for all drift frå egg til ferdig produkt, inkludert transport og stell, samt produksjon og pakking i vårt eige moderne slakteri og pakkeri. I slakteri og administrasjon er me per i dag 16 faste ansatte, og ein del ekstraarbeidarar me nytter ved behov. Me har fast produksjon av kylling kvar veke gjennom heile året, samt 3 periodar med noko meir aktivitet under kalkunproduksjonen. |
Webside | https://Homlagarden.no |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | NORHEIMSUND (Adresse: Aksnesvegen 70 Postnr: 5600) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |