Stillingsbeskrivelse

Published 06-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Hjelpemiddelteknikar 100 % fast stilling

Er du strukturert, omgjengeleg, serviceinnstilt og fleksibel? Då er det kanskje deg vi leiter etter!

Sykkylven kommune søker etter hjelpemiddelteknikar i 100 % stilling med oppstart fra d.d
Stillinga er organisatorisk lagt til Heimebasert omsorg, avdeling Førebygging og Meistring. Du vil jobbe nært saman med ergoterapeut og fysioterapeut.  

Arbeidsområder:
Hjelpemiddelteknikaren jobbar med eit breitt spekter av hjelpemiddel som gir brukarar i alle aldrar moglegheit til å meistre kvardagsaktivitetar. Arbeidet inkluderar både montering, tilpassing, feilsøking og reparasjon av teknisk utstyr, samt veiledning/opplæring i bruk. Du må ha evne til å skape gode relasjonar i møte med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar på ulike arena – både i heim, skule, barnehage, og andre institusjonar. Hjelpemiddelteknikar har hovudansvar for drift og vidareutvikling av kommunalt hjelpemiddellager. Andre oppgaver kan bli tillagt stillinga ved behov.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for kommunalt korttidslager og vidareutvikling av dette.
  • Utlevering og henting av hjelpemiddel frå kommunalt korttidslager og frå NAV hjelpemiddelsentral.
  • Vask og klargjering av hjelpemiddel
  • Tilpasning, rådgivning og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel
  • Mottak og koordinering av transport som leverer hjelpemiddel fra NAV
  • Reparasjoner, feilsøking og vedlikehald av hjelpemiddel
  • Bestilling av deler, utfylling av nødvendige skjema og m.m.
  • Kontinuerlig dialog og tett samarbeid med bestiller av hjelpemiddel
  • Ansvar for oversikt over og dokumentasjon av utdelte hjelpemiddel
  • Tett samarbeid med Nav Hjelpemiddelsentral.
  • Halde seg oppdatert med nødvendige kurs og godkjenninger hos Nav Hjelpemiddelsentral

Kvalifikasjonar

  • Digital kompetanse
  • Gode norskferdigheiter, både skriftleg og muntleg
  • Førarkort klasse B
  • God fysisk helse – då det til tider er tungt fysisk arbeid

Ønskelege kvlifikasjonar

  • Relevant fagbrev eller annan relevant kompetanse innan helse, lager/logistikk eller mekanikk/elektronikk
  • Relevant erfaring og praksis frå kommunal helseteneste kan kompensere for mangel på utdanning
  • Erfaring frå praktisk og teknisk arbeid 
  • Kunnskap om det kommunale helse- og omsorgstilbodet
  • Kunnskap om tekniske hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

  • Teknisk og praktisk anlagt
  • Tålmodig og evne til å omgås brukarar og pårørande med verdigheit og respekt
  • Strukturert, positiv og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet og taklar høgt tempo
  • Opptatt av kvalitet og utvikling av tenesta
  • Ein god kollega i teamet
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og ha god arbeidskapasitet.
  • Du er fysisk sterk og ved god helse.
  • Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Opplæring
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og inkluderande kollegaer
  • Ei teneste i utvikling
  • Lønn og arbeidsvilkår i henhold til tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningslinjer
  • Kommunal pensjons- og forsikringsordning

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4881122780
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimetenestene, Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d28d70ec-0cff-4cda-9ffe-44e83f99249d
IMPORTAPI